Nokre glimt av ei 100 års sætersoge

Publisert 09.03.2023 20:48

 

 Bestemor  Hanna med kyr foto Ola Sørhus Storm Øyen :
I 1918 byrja soga om det som vart garden Solvang i Atndalen. Johannes P. Øyen hadde  året før gjort ein handel i Oppdal, der han hadde kjøpt  Åsgård i lia nord for sentrum. Dette vart ikkje vel motteke hjå ho han hadde forlova seg med. Hanna frå Bakka ville helst ikkje fløtt, og det vart da til at dei tok til som bureisarar i myrlendet sør i Eiriksrudlia. Her var det ikkje rare avlinga dei fyrste åra, og dei trong beite for bufeet dei etterkvart hadde ale fram. Da dei fekk avtale med Pål Stakston på Musvolsætre om å leige Bjøynnollie, letna situasjonen. Sætre som er frå 1740 åra, hadde legi aude i fleire perioder, med eit visst rykte om at det var skrymt og hulder som rådde her.

Ved sankthanstider i 1922 fløtte dei for fyrste gong til fjells. Dei eit år gamle tvillingane, Peder og Hans, vart sette i kløva på Brunen. Storesyster Agnes var fem år og måtte vel gå det meste av turen sjøl. Steinar på to og eit halvt år  var komen på Søre Øyen til Ola, bror hass Johannes. og kona Marit som var barnlause.

Etter fyrst å ha kryssa brulause Atna, og eit par timar seinare den like brulause Langglubekken,  kom dei utpå dagen fram til det vakre sætertunet under Vesle-Svulten. Hundre år er det sidan dei ferske bureisarane på Solvang kom her med den vesle buskapen sin. Og her fann dei det dei sakna nede i dalen: Grøne,  frodige lier for dyra og trivelege hus og vakre omgjevnader for buande og turister som og  hadde fått auga for fjellivet . Her voks det vilt: Vekster som sjeldan syner seg på dei karrige elveslettene eller i dei turre bakkane i Nord-Atndalen, blømde her over alt. Blomefloret i bakkane rundt sætra saknar sidestykke, iall fall i denne delen av bygda. Forglemmegei, jonsokblom, skogstorknebb, lushatt, kvanne  og bregner av mange slag. Og blåstrupen heldt sine konsertar i bjørkesnaret oppi lia. Og eit alltid jaktande korps av taksvulu har heldt innsektbestanden på eit tåleleg nivå midt i bjørkeskogen, med vatn omkring på mange  kantar

Snurufangsten av ruper som Johannes hadde drivi opp gjennom ungdommen vart teke opp att, og gjorde at sætra vart base for næringsverksemnd og om vinteren. Eit naudsynt og godt tilskot til hushaldet var ein og annan rein som felt og frakta heim. Ulovleg, men akseptert i fjelldalen, som ein del av det å berge seg gjennom.

I den ævelege susen av Myllinge gjekk sætersommaren under Vesle-Svulten. I det store fjoset hadde dei god plass til den vesle buskapen sin. Den tradisjonelle sæterdrifta vart snart meir prega av at turismen var aukande, med direkte omsetnad av rumme og ymse oster. Både ku og geit var med på å gjera produkta ettertrakta for dei som kom.

For ungane var dette det reine eldorado, med  lett tilgang på stein til leikefjos  og elver og vatn som låg og venta på ivrige fiskarar. Og spennande dagar da ukshopen frå Musvoldalen kom og skapte ugreie i buskapane på båe sider av Myllinga. Far Hans mintes heile livet tida som liten gut i Bjøynnollie med stor glede, noko som han har uttrykt i dette diktet:

Fått vore liten att
Å fått vore liten att ei litor stund
og spronge børrføtt på sæterkvee
i sol og glitrande såmårdag!
Fått spronge mæ fiskestången
å vådå Myllinge millom gjelom -
Fått nausløngt fisken ni Storsteinshøle
og brote se kluft og trædd døm på!
Fått baska i vatn uppi Kampetjønne
og sett kvæksbol onde bjørkegreinom.
Hørd feuksgaul innmed Dallin
og møtt 'om Ola fegjætar på leit etter ukse.
Fått liggi langflat onde Vehl-kampen
og stappa blåbær i blåe truten.
Funne molte upponde Svulten
og gjort se søill mæ sæterfløyte på -
Fått vore liten og møtt 'om far
mæ Bron og kløv mæ mykjy rart i -
Og så fått krope uppi eit morsfang
ner sæterkvelden kom, mjuk og lang.

Johs og BronJohannes Øyen og hesten framfor setra. Foto Per K. Lien (Alvdal)

Den veksande flokken med sjeviotsau vart slept ved sætre, og spreidde seg snart i dei grøne bekkedalane opp mot Illmannhø og Rondvasshøgd. I dei vel førti åra Solvang hadde sau der, var det ikkje eit dyr som vart rovdyrdrepe. Gjennom alle sine turer i området, og til alle årstider, hadde Johannes til gode å sjå ein jerv.

På den andre sida av Myllinga ligg Gammelsætre, der Ane Haugen og sonen Thorvald styrte med dyr og eit stigande antal turister. Vidare utover mot dalen, i den austre enden av Musvoltjønne, regjerte Pål og Gedine Stakston på Musvolsætre. Der hadde dei gjennom fleire tiår utvikla staden til å bli den fyrste overnattingsbedrifta aust i Rondom av nokon storleik.

I Bjøynnollie hadde dei husa gjester i det som var av sæterhus frå den fyrste tida dei var der. Den norske turistforening såg at her var det fleire som ville til fjells, og kjøpte staden av Pål Stakston i 1941. Teikningar og planar vart klare, og da krigen var slutt kom dei fort i gang med å rå seg til bygging. Hytta sto ferdig til innviing i 1948, og dette endra livet for sæterbrukarane til å handle om noko som meir likna hotelldrift enn sætring.

Det er underleg å tenkje på at det som nå er flaggstongsletta og kvea nedanfor var omtrent jamnstort med dyrka areal på Solvang og kanskje dubbelt så grøderikt.

Året 2012 vart det siste sommaren buskapen vår var i Bjøynnollie, så det er ti år sidan siste buferdsdagen. Bjørk og viu har invadert dei frodige beitevollane, og dei opne areala skrumpar inn. Dette er ei utvikling som diverre er altfor vanleg, og det tek lang tid før bjørka har fått til ei naturleg avstandsregulering.

Alt i alt er  dette ei soge om mangfaldet som har vore med på å gjera  bygdene levedyktige, og om naturbruk som endrar seg gjennom tida. Noko er att om mangt er nytt. Men sætran ligg der som smykker i landskapet og som diamanter i hugen åt dei som opplevde det levande livet der.

Hesj millom husom
Hesj på kvea

Hans og Bron med kløv
Hans J. Øyen (her ca. 14 år) og "Brun"
Trekkspelar på sætre-002
Helg med musikk ved sæterstugu
Gamle peisstugu
Gamle peistugu

 

Publisert første gang 08.01.2014,
redigert av Storm Øyen 19.01.2023