Turlagstur i finværet

Publisert 24.08.2015 23:59
foto Berit G.Søndag 23.aug. hadde Turlaget planlagt tur til Rånåbekken.
5 personer og ein hund møtte ved Atnasjø kafé kl 10 i strålande sommervær. Neste stopp var Elgvassli. Peter var kjentmann og førte oss innover i det fantastisk fine tur-terrenget med Vesle Elgvasshø til venstre og Store Elgvasshø til høgre.
Høgronden lokka langt framme, men den fekk ikkje besøk av oss på denne turen! Vi snudde ved Rånåbekken og på tilbaketuren la vi vegen om Elgevatnet og sætra der - ein nydeleg plass.
Neste turlagstur går til Knappen frå Skogli Camping 4.okt.
 
Nyt seinsommeren i vår vakre natur!
BG