Studentar på rundtur
Publisert 16.06.2016 22:07
Tradisjonen tru så er studentane ved studiet for kvartærgeologi og naturgeografi ved Universitetet i Bergen (UiB) på tur gjennom Atnadalen! Dei har reist frå Bergen via Kråkenes Fyr , Indre Nordfjord, Heidalen og over Venabufjellet med stopp ved Muen. Sohlbergplassen var neste stopp med informasjon om Atnsjøen og “Fjellene”. Skylaget som dekka fjella på morgonkvisten var letta – så utsikten var upåklageleg. Myggen var til gjengjeld litt innpå-sliten!
Fagleg informasjon gikk inn saman med naturinntrykk og ein smak av bygdas spesialitet, sirupstynnkake –! Alt såg ut til å falle i smak.
Turen vidare går til Folldal Gruver, der dei overnattar eit par døgn for å ha ekskursjonar til Dørålsæter og Jutulhogget. Så er det tilbake til Bergen – forhåpentlegvis med mange gode opplevingar og ny kunnskap om landet vårt!
Avsvarleg for turen er professor Atle Nesje og professor Svein Olaf Dahl, Institutt for Geovitenskap, UiB, og stipendiat Max Koller, Institutt for Geografi, UiB.
BG