Studentar

Publisert 16.06.2015 00:18

foto Berit Gomnæs Også i år har Sohlbergplassen hatt besøk av geologi- og geografistudentar frå Universitetet i Bergen (UiB).  15 ungdomar har reist over fjella via Vestlandskysten, Kråkenes fyr, breane i Nordfjord, Skjåk, Heidal og Ringebu. Under kyndig leiing av professorane Atle Nesje og Svein Olaf Dahl og student Max Koller fekk dei  fagleg informasjon om landskapet – og om nasjonalmaleriet vårt. Etter synsinntrykk og fagleg påfyll, vart det også lokalt smaksinntrykk – sirupstynnkaker frå Bente Brænd – servert av underteikna som nytta høvet til å treffe min nevø, Atle.

 Alt såg ut til å falle i smak.

 Turen gjekk så vidare til Folldal der det blir utforsking av spennande geologiske «godbitar».

Tekst og foto: BG