Storbekkmosmia for liten for plogproduksjon?

Publisert 08.03.2012 01:13

Bjørn Brænd er kvass til å formulere seg. Skriftlig som muntlig foto JØSmeden på Storbekkmoen var ein institusjon for jernarbeid da eg var ung. Han bygde vindmøller, kvesste fløytarhakar, sveiste plogskjer, brasa motordelar og smidde i hop destillasjonsapparat for batterivatn. Det var knapt lokal marknad for meir. 

 

Han konkurrerte Eiolf sveiste i hop dette -i-vindmølletårnet på Amperhaugen 1940.  av jern fra den sprengte brua ved Atnbrua. I hass never kom jernet til nytte for flere. Foto Trond Wieheikkje med nyproduksjon av plogar, men reparerte det som trongst. Plogar frå Kverneland har vore eit kvalitetsprodukt tilrettelagd for norske jordbrukstilhøve i 130 år. Sjølv har eg lært å pløye bak ein tohestars plog frå Kværneland, og eg har brukt kværnelandsljåar lenge etter at dei dugalege ljåane frå Jæren ikkje lenger var i produksjon. Det er leit å sjå at solid teknologisk kunnskap blir seld ut av eit distriktet og ut av landet. Kulturen vår blir fattigare.

 

Kor er langsynet til politikarane som bruker store delar av vår nasjonale investeringskapital igjennom Statens pensjonsfond Utland,  som med sine rammevilkår skal styrka næringsverksemder vi skal konkurrera med frå våre eigne bøar?

 

Om det ikkje lenger er rekningssvarande å vere verdsleidande produsent frå høgkostfylket Rogaland, så er det god plass til å flytta verksemda til dei store furumoane i Innlandet - der ligg næringslivet på botnen i nasjonal samanheng, der trengst det til indistrielle lokomotiv og der finst det folk som med stort pågangsmot vil ta til seg kunnskap om høgteknologisk produktutvikling, moderne marknadsføring for globale marknader og produkt det er ein sikker marknad for på verdsbasis - og ein marknad som alltid vil vere der: plogar vil trengst så lenge det er folk til.

 

Innlandsnoreg har kome i bakleksa. Oljeindustrien og dei finansielle miljøa som skummar fløyten får denne sektoren held seg i storbyane heime og ute - mest ute? Fiskeri og oppdrettsal av matfisk høyrer kystnoreg til. Kva er så att aust om fjella? Utslitne skogsarbeidarar og småbrukarkoner trengst ikkje lenger til andre føremål enn å fylle opp sjukeheimar slik at Innlandets einaste vekstnæring utanom offentlege sakshandsamarar held fram med å vere satsninsgområde nr 1 for politikarane. Noko må dei ha å tala høgt om - visjonar og enda mindre verktøykasse til nyskaping har dei sjeldan å kome med.

 

I denne samanhangen ligg det òg ein tankekross i høve EU som tykkjer dette er greit - kva om Noreg kjøpte alle aksjane og ga heile Kværneland som vekstgåve til Hellas - om det nå skulle vere slik at vi ikkje toler fleire industri- og kompetansearbeidsplassar her i landet. Nei, ei sak er vel ulukkelegvis at det er pengemakta som rår og at ho er slept fri frå samfunnsgagnleg styring. Her her politikarane folkeleg sagt drite på draget.

 

Når Kværnelandsfamilien og andre aksjeeigarar i Rogaland og elles no vil ha kontantar til å pløye inn i meir profitable investeringar, skulle Giske, Stoltenberg og Storberget med støtte av Slagsvold Vedum ha vore på hogget og kjøpt heile verksemda og flytta ho til Elverum, Frya eller Haslemoen.

 

For Storbekkmosmia blir vel for lita? Istaden kan Stor-Elvdal få Ungdomsfengselet. Der høver storleiken.

 

Bjørn Brænd