Sollia fotogruppe
Dei siste åra har det vore liten aktivitet i Sollia fotogruppe, men vi er nokre få personar som ikkje har gitt heilt opp. Vi har tidlegare arrangert fotokurs, «fotosafari», arrangert salgsutstillingar, laga Solliakalenderen og gruppa er ein sosial møteplass.
![]()
Iår har vi tenkt å lage Solliakalenderen 2024 - etter mange oppfordringar. Har du fine bilder - gjerne av fjella våre - kan du sende dei til AaseSynnove@gmail.com, innan 01.05.23.
Når det gjeld utstilling, så manglar vi publikum - når ikkje Fossedagane blir arrangert.
Vil du bli medlem, så ta kontakt!
Åse, Torben, Berit