Skogportalen leverer skreddersydd miljøinformasjon
Nyheit | Dato: 24.11.2015
Enten ein driv næring i skog eller ein forvaltar miljøregelverket, trengs oppdatert og relevant informasjon om tilhøva i skogen. Den nye kartløysinga Skogportalen gir miljøinformasjon frå ulike databaser samla på ein nettstad.
Her er data om ulike naturtypar og artar som finst i skog sortert ut etter gjeldande miljøregelverk. Eit breitt samarbeid mellom Landbruks- og matdepartementet, Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet, Artsdatabanken, forvaltning og skognæring har gjort mogleg den nye løysinga som er utvikla av Norsk institutt for bioøkonomi, NIBIO.
Viktig å vise seg for verda
Skogbruket har gjennom mange år samla statistikk og kunnskap om skog. I Skogportalen blir denne datafangsten knytt til annan relevant miljøinformasjon, og delt med verda på ein ny måte.