Ser sauen fra satelitt

Publisert 08.08.2012 01:02

tikke oig lamNy teknologi tas i bruk i sauehaldet i Sollia. e sauebøndene ved Atnbrua har stor tro på elektroniske bjøller på sauene.

- Radiobjøller vil vera ein veldig god reiskap for beitebruken i dette området, men dekninga er dårleg. Her skal det prøvast ut bjøller med satellitteknologi i sommar. Vi har kontakt med selskapet «Find My Sheep» i frå Kvikne, fortel Brænd.

Dei har utvikla en ny type radiosendar som går opp i satellitt, og vi hentar ut data i frå ein vanleg nettlesar. Han og dei andre i Atnelien hamnelag er svært ivrige på å teste ut den nye teknologien. Data kring sauen sin arealbruk vil kunne leggast inn på beitekartet.

- Når vi har gode beitekart kan vi avle på dyr i område med god tilvekst på lam. Vi kan spore kvar dyra har gått, og verifisere at dei har vore i område med godt beite. Da blir det eit verkeleg nisjeprodukt, med ei særeigen historie å fortelje til forbrukaren.

sen november 094- I Brasil har dei nytta dette systemet til å dokumentere at dyra ikkje har beita i område med regnskog, fortel Brænd som trur dette med sporbarheit blir veldig viktig i framtida.

- Det å kunne styre og overvake beitedyra med beitekart og satellittar gjer det svært interessant og inspirerande å vera sauebonde, fortel Brænd entusiastisk. Ikkje minst er dette viktig skal vi få rekruttering til næringa, avsluttar han.