Følgjer opp villrein etter sjukdomsfunn
Villreinen blir følgd tett etter at chronic wasting disease (CWD) blei påvist hos ei villreinsimle i slutten av mars. Miljødirektoratet sitt feltpersonell i Statens naturoppsyn (SNO) vil felle dyr dei mistenkjer er smitta av den dødelege sjukdomen og sende prøvar til analyse.