"Ny-Joms" Spennende planer

Publisert 21.09.2010 00:09
Bilde av Ny-fasade-for-JomsborgDet driftige styret i "Jomsborg" med Tove Solheim i spissen,har nå fått nye teninger og løsningsforslag på utvidelse.  Dette ser riktig spennende ut.Sjå tegninger/prospektet her 
Les nedenfor hva arkitekten Lars J Berge skriver:

Bilde av Dans på Jomsborg akvarell Kjell E  MidthunNytt kapittel i soga om Jomsborg

Jomsborg er eit ikon av eit ungdomshus. Det ligg og tronar på haugen sin mellom furuene slik det, med ymse til- og ombygg, har gjort sidan 1914.
Med sitt stemningsfylte frimerke har Kjell E. Midttun malt huset inn i sjølve
julesteminga i Noreg. I lag med skulen markerer Jomsborg både ankomst
og sentrum for Atnbrua.
Sjølv om mykje godt kan seiast om tømmerbygningen og det den har romma opp gjennom åra, treng den ei oppgradering om den skal tilfredstilla krav og forskrifter i dag. Derfor har styret teke initiativ til å bygge mellom anna nye toaletta og tilsynsgodkjent kjøken i hovudetasjen.
Vårt grep innebær å leggje det nye tilbygget til side for dagens bygning, og ha lys og romsleg inngang mellom dei to. Tilbygget rommar garderobe og toalett, medan kjøkenet får vere der det er idag, med utviding i dagens inngang. Taket vert vidareført over nybygget og vil, ilag med tømmerfasadane-
og detaljane sikre heilskapen i anlegget.
Ute vil den nye innkøyringa frå sør gjere ankomsten betre. Ein vil møte huset på ein finare og tryggare måte. Kurvaturen inn på tunet stadfestar plasseringa av den nye inngangssituasjoen i bygget som god.
Dette dokumentet samanfattar arbeidet styret og arkitekt/landskapsarkitektgruppa har arbeida fram frå februar til august 2010. Tove Solheim har vore ansvarleg for styret sitt arbeid, Teikningane er utarbeida av LJB AS ved underteikna og arkitektane Giulio Marchesi og Colin Herperger.
Me ynskjer lukke til med realiseringa, (og vonar at nissane kjenner seg att også jula etter at tilbygget er realisert).
Sjå tegninger/prospektet her