Nesletid

Publisert 01.06.2012 01:40
Brennesle foto Berit Gomnæs

No er det tid for å plukke ein av verdas sunnaste plantar! Den er heilt gratis og kan nyttast på mange måtar i kosthaldet - til kvardag og fest.
Den har blitt brukt som medisin, til ølbrygging, fõr til høns og kyr og det har vore produsert både klær og fiskesnøre av nesle. Under "krigen" var den flittig brukt som mat. Kva inneheld den då? Jau, den er smekkfull av A og C-vitamin,jern, kalium, kalsium, fosfor og andre stoff som kroppen treng.
 
Nye skudd kan frysast, men må forvellast først - prima til suppe og stuing. Frisk/rå nesle kan hakkast eller bruk stavmiksar - brukast som ein klatt på råkosttallerken eller som pålegg saman med smør og skinke. Neslen kan kan óg tørkast og oppbevarast i bukett eller i tett glas eller boks - fint å ha til te og tilsetting i brød.
 
Det fins mange gode oppskrifter i diverse kokebøker - den eignar seg godt som tilbehør til elg og anna vilt.
 
MEN: det viktigaste er å kome seg ut og plukke dei første sprø eksemplara som vi finn nær sagt over alt- akkurat no.
Prøv då vel!
Berit Gomnæs