Bruk myggmidla med omhug
Ikkje la plagsame småkryp øydeleggje sommarfreden. Men ver på vakt: Myggmidldel kan vere skadelege – spesielt på små barn.
Stikkemygg
- Av meir enn 3000 ulike artar stikkemygg i verda, lever 38 artar i Noreg.
- Stikkemyggen navigerer etter lukt og ande frå menneske eller dyr.
- Det er berre homyggen som stikk og syg blod. Blodet fungerer som eit "proteintilskot".
- Ein homygg som har fått ei slik tilførsle av blod, kan leggje omtrent ti gonger fleire egg enn utan blod.
Myggmidlar kan vere svært effektive, og mange kan verke mot flått i tillegg til mygg og knott. Men midla kan også ha uheldige helsemessige eigenskapar. Miljødirektoratet rår derfor generelt til å ikkje bruke myggmiddel på små barn.
Blir du plaga av flått, mygg eller andre insekt, kan du ta nokre enkle forholdsreglar:
- Dekk til mest mogeleg hud med klede.
- Bruk myggnetting.
- Påføring på klede, og ikkje direkte på huda, gir også vern.
- Bruk ikkje insektmiddel på sår, irritert hud eller på område med eksem.
DEET og eteriske oljar
Stoffa DEET (dietyltoluamid) er mykje brukt i myggmiddel både i Noreg og i resten av verda. Produkt som inneheld mindre enn 20 prosent DEET er tillatne seld i Noreg, men dei skal ikkje brukast på barn under tre år. Grunnen er at DEET er klassifisert som helseskadeleg (farleg ved svelging og irriterer auge og hud).
Myggmiddel kan også innehalde andre stoff som kan vere skadelege, for eksempel eteriske oljar, eller pyretriner og pyretroider (i myggspiralar og -pinnar).
Innskrenk bruken
For å innskrenke mengda av myggmiddel på barn, bør ein voksen ta litt av middelet i handa og deretter smørje det på dei nakne hudområda til barnet.
Barna sine hender bør ikkje behandlast fordi dei kan putte fingrane i munnen og få i seg stoffet på den måten, eller dei kan klø seg i auga som blir såre og irriterte.
Unngå kontakt med auge eller innanding av stoffet. Dette kan lett skje ved bruk av for eksempel spray. Dersom det skulle oppstå teikn til reaksjon på huda der du har brukt myggmiddel, bør du vaske områda der myggmiddelet er smurt på. Vask huda med såpe når du ikkje lengre har behov for vern.
Ved alvorlege reaksjonar, bør du kontakte lege eller Giftinformasjonen på telefon: 22 59 13 00.