Minneord om Øyvind Bakken-Berg
Øyvind er burte. Han, som med sin empati og deltaking var der for oss. Til hjelp i praktiske ting, og når livet tok nye og tunge vendingar for nokon. Da det var som verst for andre, var han der.
Han var mangfaldig i sitt virke i verda, med sin faglege innsikt og sitt gode handlag. Dette synte seg særleg dei siste åra . Da Turistveg Rondane vart etablert, tok Åsa og Øyvind fatt på det som nettopp var noko av intensjonen med prosjektet: Det som mangla langs vegen var moglegheiter for overnatting, og dermed det som skulle til for å få noko av den auka turiststraumen til å stane ei natt eller to i dalen vår. På Berg og Søre Øyen
grodde det fram fine bueiningar til glede for farande folk og dei som ville bu her over tid.
Kreativiteten hass syntes i at han fann smarte løysingar på praktiske oppgaver, men han kunne og la skapartrongen slå ut i vakre måleri.
Gravferdsdagen var Folldalskyrkja fyllt, og stunda der vart eit verdig og varmt farvel med ein kjær. Dei fire flotte ungane til Åsa og Øyvind heidra far sin med gode ord i ei tung stund.
Med takksemnd og stort vemod kjøm eg til å minnes Øyvind. Den som har kjent han, har minner om ei vakker sjel, og eit menneske som var der for andre.
Storm Øyen