Minneord Ola Blæsterdalen

Publisert 21.12.2022 18:27

 Minneord

Ola Blæsterdalen er død, 99 år i alder, men ung av sinn. Boka «Fjellgardsliv» som han sjøl var med og lanserte førjuls for eit år sidan, er eit monument over Ola, garden, landbruket og bygdesoga han var ein del av. Ola stod trygt og fast på ein balansert bruk av kultur- og naturlandskap innafor det eit strengt fjellklima i Nord-Atndalen kan gi.

Med boka samler Ola mykje kunne om historie frå Rondane og Atndalen, Mjovassdalen og Grimsdalen, gardar og setre, jegerliv, fangst og mataukfiske. Han var kjend med tidlegare rettshøve, og han tok vare på brukartradisjonen. Som skribent til årbøker lokalt og regionalt og nye Internettbaserte plattformar har han årvisst levert stoff 1985-2021. Ola løfta gjerne fram innsatsen til kvinnene i soga.

Ola kjente naturen betre enn dei fleste. Soleis fall det sjølsagt for han å arbeide for at Rondane blei den første nasjonalparken i Norge, oppretta i 1962. I høve 50-årsjubileet i 2012 blei Ola heidra med Barth-prisen i nærvær av daverande miljøvernminister Bård Vegard Solhjell. Det seies at lokalt engasjemang gjorde det lettare å opprette nasjonalparken enn om bare forskarar og byråkratar kom med framlegg.

Det var nærast sjølsagt for Ola å vere med frå starten i «Verneringen mot utbygging av Atnavassdraget». I 1986 blei Atnavassdraget varig verna mot vasskraftutbygging, og er no endatil referansevassdrag takk vere sitt reine vatn og urørte vassdrag.

I eit intervju med «Østlendingen» seier da 94 år gamle Ola: «Dans er ungdomskilden min». Det har han til fulle vist, t.d. med ein god vals som avslutning på boklanseringa. Nå har Ola teke vegen ut or livet, og later etter seg eit stort sakn hos familie og vener.

Jo Øvergaard Bjørn Brænd

Sollia.net Sollia forlag