Jo - 60 år i dag
Jo, 60 år.
Globetrottaren, fjellklatraren, krigssogemannen, web-redaktøren, Småbrukarslagmannen, bygdeaktivisten, men fyrst og fremst venen og humanisten Jo runder dei 60. Ein granne ved Atnbrua sa med litt humor, men utan ironi: Dø har myy i Nord-Aitndarn, min dø har itte n'Jo.
Nei, det har oss ikkje, for det er det berre Sollia som har. Han har gjennom heile sitt vaksne liv vore aktiv i striden for bygdene, og har vore ein sentral person i å skape optimisme i lokalmiljøet. Tidleg i Småbrukarlagstida forma han eit slagord som har vorte brukt og sitert sidan: Nå er det for seint å vera pessimist.
I dei seinare åra har denne setninga fått ei ny tyding for han, ettersom synet har vorte dårlegare. Måten han slår attende mismotet på, er eit døme for oss alle. På ei togreise kom Jo til å skumpe borti ein mann da han skulle sett seg, og mannen spurte litt surt om kva det var med han. På det svara Jo: «Je ær full», noko han slett ikkje var.
I sitt daglege virke med Sollia, naturligvis, formidler han store og småe hendigar i heimbygda, samstundes som han lyfter fram tema til ettertanke. Likeeins er han med det store nettverket sitt og den gode hugsen sin eit arsenal av soger som han formidler med stor glede.
Storm Øyen