Innviing av ny peisestugu i Bjørnhollia

Publisert 27.06.2023 00:15

peisestua2 
Laurdag den 24. var det innviing av ny peisestugu i Bjørnhollia. Eit vakkert rom i grovtimbra laft frå Heidalslaft, med  store glas heilt ned til golvet med utsyn mot nord, aust og sør. Berre det er verdt ein tur, og eit ekstra lyft får rommet av fire trykk av Ståle Blæsterdalen, som og hadde utsmykninga i matsalen som var ferdigbygd i 1984. Kjellaren i påbygget er utstyrt med doer og dusjer, og ein veranda mellom nybygget og matsalen med utemøbler,  utgjer ein fin plass å slå seg ned for å nyte morgonsola. Alt i alt ein god tilvekst for den flotte turisthytta.

peisestue1

peisestua3
Tekst og foto: Storm Øyen