God saus vart det

Publisert 26.03.2011 00:12
Bilde av Heidi foto Berit GomnæsTorsdag 24 mars spreidde det  seg gode lukter som pirra smaksløkane, frå kjøkkenet på Rondane Gjestegård.
 
Det vart nemleg halde "sausekurs", i regi av nettverket langs Nasjonal Turistveg Rondane. Kurset var ope for alle interesserte. Tidspunkt på dagen avgrensa kanskje kor mange som kunne delta.
 
Kokken Heidi Tangen Bondal kom for å dele av sin kunnskap innan "sausen's hemmelegheiter".
5 damer deltok og Cristoph(?) stilte som fotograf og ville gjerne smake.
 
Heidi trylla fram Rødvinsaus, Soppsaus, Viltsaus, Timiansaus, Bernaise, Beurre Blance, og purre- og petetsuppe med bacon.
Deltakarane fekk vere aktivt med i prosessen, særleg smaking, spørsmål og utveksling av erfaring.
 
Bilde av sausegjengen  foto Berit Gomnæs

Kurset blir kanskje gjenteke  - og då på kveldstid.
 
Nøl eventuelt ikkje med å melde deg på! 
BG







Bilde av Eiris,Heidi og Christoph  foto Berit Gomnæs