Fotoutstillinga i Fossehuset

Publisert 22.07.2023 23:09

Har du ikkje nytta høvet til å sjå fotoutstillinga i Fossehuset der du også kan kjøpe bilde, har du enno sjansen fram til 15.august! Opningstid: kl. 13:00- 18:00.

fossehuset 1
Fotoutstillinga vart opna i Fossehuset 2. juli med mange vakre naturbilder. Fotografen Inge Asphoug frå Ringebu har alltid vore fasinert av naturen og fjellet, med kamera i sekken eller helst rundt halsen! Skifta mellom årstidene, mellom natt og dag, og skifte frå dårleg til fint vær, er det som er fanga inn av kameralinsa.

Ein finn både svart-kvitt og fargefoto, men overvekt av naturbilete i fargar.  Motiva er stort sett frå nærområdet, med Rondeslottet, Rondvasshøgda, Muen og Sølenkletten som dei mest kjende. Også eit eksemplar av skogens konge prydar utstillinga. Den fotografiske kvaliteten er av høg klasse og storleiken på bileta er variert. Har du ein ledig plass på stoveveggen, bør du nytte høvet til å skaffe deg eit tidlaust kunstverk for varig glede. 

Du kan gjerne ta direkte kontakt med fotograf Inge Asphoug om du ønskjer eit anna format.

foto alvdalssølen1

foto rondane1

Berit Gomnæs 2023