Fjellgardsliv

Publisert 17.11.2021 06:00
21 1113 Ola Bløsterdalen Fjellgardsliv
Fjellgardsliv skildrar livet på fjellgarden Blæsterdalen, nord i Atndalen i Folldal kommune. Der har Ola Blæsterdalen, no 98 år, levd livet sitt. Garden ligg 800 moh. innunder Rondane. Atndalen, med sitt karrige jordsmonn og strenge innlandsklima, ligg i grenseområdet for kvar det kan vera fast busetting.
Ola skriv om korleis Blæsterdalen har utvikla seg frå ei grasslette med ei løe ved fyrste busettinga sist på 1700-talet, og om si eiga tid der landbruket har gått gjennom eit utruleg hamskifte. Det starta med nesten full sjølberging, basert på utnytting av lokale ressursar frå inn- og utmark. No har vi eit spesialisert landbruk som hentar mykje til drifta langveisfrå. Før hadde vi eit arbeidsfellesskap der unge og gamle på garden måtte vera med. No har landbruket vorte ein einsam arbeidsplass.
Ola formidlar, kanskje utan at det har vore bevisst, korleis ein gard gjennom tid utviklar ei form for bærekraft som krev nøysemd, langtidsplanlegging, maurflittig arbeid, hegn om sparsame naturressursar og samhald. Han viser òg kor sårbart liv og helse er.
Ola skriv om kvardagen til ein fjellbonde frå ei tid med levekår som er historie for dei som veks opp i dag. Kanskje kan kunnskap frå slik gardsdrift koma til nytte att? Tidene endrar seg raskt.
Boka blir i handelen fra 20. november etter ei lansering på Folldalen samme dagen. Det er Sollia forlag som gir ut boka. Boka sitt ISBN 978-82-93911-01-2
Boka kan skaffast av alle bokhandlarer. Ho kan og tingast frå forlaget post@sollia.com.
Boklansering i Folldal Bibliotek lørdag 20.11 kl. 12.00.