Få med deg sommerkveld i Fossen 28. juli
Det blir helt sikkert en stemningsfull kveld!
Konserten vil by på et rikt og variert program som spenner fra tekster av Arne Garborg og Bjørnstjerne Bjørnson til Alf Prøysen, Ove Røsbak og Ole A Torgersud. Musikken vil vere av blant anna Ketil Bjørnstad, Arnhild Vik og Henning Sommerro.
Litt om artistane denne kvelden.
Sidan Helga Botn var «budeie» i Bjørnhollia på tidleg 80-talet, har ho utdanna seg til songar, og dette har vore hennar levebrød sidan da. Oppgåvene har vore svært varierte og allsidige: Det kan nemnast ei rekke operaroller ved Den Norske Opera, Operaen i Kristiansund, Operaen i Nordfjord og Ringsakeroperaen. Sommaren 1993 og 1994 gjorde ho Solveig i Peer Gynt ved Gålåvatnet. Same rolla gjorde ho også ved Betty Nansen teater i København. Ho har vore sopransolist i alle dei mest sentrale kyrkje-musikalske verk og hatt recitals på Troldhaugen og i den gamle losje i Oslo. Ho har vore solist med Ytre Suløen jazzensemble og Brazz Broz, Magnolia jazzband og Ophelia ragtime band. Ho har også hatt ei rekke turnear for Rikskonsertane opp gjennom åra.
Ho er i dag ansatt som song-pedagog ved Norges musikkhøgskole og Teaterhøgskolen ved Khio.
Arnhild Vik har diplomeksamen fra Norges Musikkhøgskole og ho har vore tilsett der fra 1985-2014. Ho har i tillegg jobba mykje «freelance,» både som solist, akkompagnatør og komponist.
Arnhild har jobba mykje med teater, både på institusjons-teatera i Oslo og med frie grupper i Oslo og på Lillehammer. Dei seinare åra har ho sett musikk til ei rekke dikt av blant anna Ole Arnfinn Torgersrud, Bjørnstjerne Bjørnson og Jon Fosse.
Hun har også laga sin eigen konsertarena i Gausdal konserthus, der ho inviterer songarar, instrumentalistar ,skodespelarar, dansarar og poetar til såkalla «Kultursuppelørdag» ein gong i månaden.
Mari Stenseth Dølven har utdanning i musikk, drama og pedagogikk. Ho har lang erfaring med formidling og teater, både i skulen og som utøvande artist.
H.S.