Avdukingstala til Arne Vinje

Publisert 06.09.2010 21:21
Bilde av Arne Vinje avduker minneplate foto Hans Sollid

Sollia 4. september 2010

Fjellbygdenes diktar


Takk for at eg fekk dette høvet til å koma til Sollia og Stor-Elvdal, og takk for at de steller så fint med minnet om sambygdingen min, Aasmund Olavsson. Endå det er 150 år sidan han fòr gjennom Østerdalen, er framleis spora etter han tydelege; og endå det er 140 år sidan han gjekk bort, så er han framleis liksom livande blant oss gjennom alt det han skreiv av songar, dikt, reportasjar, polemikk, essays, reiseskildringar og anna. Få andre litterære livsverk let att etter seg eit så spesielt inntrykk av forfattaren sjølv, med alle sine analyser, tankar, kjensler og stemningar, heile tida i ein prosess, ofte i strid med andre og seg sjølv.

 

Me som kjem frå Vinje har noko å sone når det gjeld Aasmund, som skreiv seg – og blei kalla – Plassen i heimbygda, det same som me kallar den Aasmund Olavsson som nettopp har sungi så fint for oss. Dei kjem som kjent frå same garden, som altså heiter Plassen fordi han var ein husmannsplass under Nordigard Vinje på 1800-talet. Eg har husmannskontrakten mellom Tov Vinje og Olav Aasmundsson heime; det er ei minneleg avtale utan arbeidsplikt for plassemannen, og med definerte beite- og slåtterettar i utmarka. Husmenn var dei likevel, Olav og familien hans, og det var nok avgjerande for at Aasmund ikkje fekk den klokkarstillinga i Vinje som han søkte om, endå han var den beste søkjaren og var så å seia lova embetet av presten. Men presten sveik lovnaden og let ein gardmannsson gange framom, flink og evnerik han òg, men fyrst og fremst av høgare sosial rang.

 

Dermed reiste Aasmund ut or bygda, og det var ein såra ung mann som søkte ut i verden. Attåt hadde han òg opplevd at han ikkje blei rekna god nok for Margit, jenta han var glad i, som var dotter på grannegarden. Og fleire sår skulle det bli – «i livet er slik sorg, at der er nok til song», som han let gamle Olav seia i syklusen Storegut.

 

Resten av livet hans var nok tilhøvet til heimbygda påverka av desse hendingane. Det tykkjer me er tregaleg å tenkje på, me som bur i Vinje i dag og set både mannen og verket høgt. Men ei trøyst er det at dersom presten Anton Elias Smitt hadde vori meir rettskaffen og ordhalden, så er det ikkje sikkert at Vinje sokn likevel hadde fengi ein betre klokkar, men Noregs land hadde i så fall utvilsamt gjengi glipp av ein diktar, skribent og samfunnsdebattant av stort og merkeleg format.

 

Seinare – i seinaste laget, vil sume seia, ettersom hovudpersonen aldri fekk oppleva det – har bygda teki til seg og lyft fram både mannen og verket. I 1894 blei det reist ei minnestytte over Aasmund Olavsson Vinje innmed vegen like nedanfor Vinjestoga, der han voks opp, med relieff av bilethoggaren Mathias Skeibrok. På hi sida av vegen stend Knut Skinnarlands bronsestatue, reist 80 år seinare; den tidlegare omgangsskulelæraren er plassera tett innmed Vinje oppvekstsenter, der ungane med jamne mellomrom skrålar og syng Blåmann og Tyteberet oppå tuva, og innmed samfunnshuset Vinjar, der det snautt er eit einaste arrangement utan at det blir sungi Vinje-songar.

 

Ja, Aasmund Vinje er for lenge sidan blitt eit av dei fremste kulturhistoriske ikon i bygda. Tarjei Vesaas – som rimelegvis òg har ein høg status – heldt ofte fram Aasmund som eit førebilete; og av dei mange (attåt Grieg) som har bruka diktinga hans i musikalsk samanheng, er altså dei to gutane som frå dei var ørsmå krabba rundt i Vinjestoga, Aasmund og Odd Nordstoga. På dei årlege Litteraturdagane i Vinje har diktaren, journalisten og målmannen vori tema mange gonger, og der blir den høgthengande Storegut-prisen dela ut.

 

Og så må eg sjølvsagt nemne at Blåmann er sjølve bumerket til Vinje kommune, den nøysame, kvikke, kloke og stride geitebukken.

 

Aasmund Olavsson Vinje vende heimbygda ryggen, men på eit djupare nivå søkte han jamt heim att. Det gjorde han òg i 1860. Det same året som Garibaldi la grunnlaget for samlinga av Italia gjennom den sigerrike reisa nordover frå Sicilia mot Roma, traska Dølen nordover frå Christiania med det påskotet å vera til stades då Karl 15. blei krona i Nidarosdomen 5. august. Som andre danningsreiser gjekk ho føre seg på så mange plan at forfattaren av den skildringa som fekk namnet Ferdaminni laut gripe til dei fleste uttrykksmåtar og litterære sjangrar som det nye norske skriftmålet baud på.

 

I frodig fagprosa hylla Vinje Østerdalen som den fremste av alle norske dalar i opplysning og god folkeskikk - «der er slik Sedhevd (Cultur) med alt det, som Øysterdølen ferer med; eg vil berre her nevna det Reinfærlege (= reinslege), som der i Øysterdalen  mest er endå vel mykit av. Alt skal vera drivande kvitt, um det so verdt svart atter i sama Augneblinken sosom det daglege Golv.» Etter Østerdalen fylgjer Gudbrandsdalen, og så blir det kleinare stell til lenger vest han kjem, til «alt det Svarte og Bakvende i Gardsdrift og Livemåte sosom i dei fleste Fjølldalar og Sjøbygdar mest Vestanfjølls

 

Men Sollia karakteriserte han som «ei Rivne i Fjellryggen mellom Øysterdalen og Gudbrandsdalen. I denne Rivna hava det stakkars Folk klorat og sett seg ned, og der er nokso reinslegt og velstandande på sume Gardar, som me sjå hanga med raudbrende Solveggir like Skjerereid upp i dei hengjande bratte Bakkarne».

 

Aasmund undrar seg over at folk kunne finne på å setje seg ned i slike fjelldalar: «Det er synd at sjå dei sterke og fagre og tidt kloke Folk, at slita burt Dagane sine i denne Armodsdomen, som aldri kan koma lenger enn til det suraste Matstræv», seier han. «Men», legg han til, «kanskje det er dette tunge Liv i denne reine Luft, som skaper so gilde Folk imillom og då mest blant dei meir velstandande, og kanskje Ætti vilde afeldast og veikna burt, dersom Folket livde i eit rikare og flatare Land, for det sjå me vel, at der for det meste er liksom betre Hovud på Fjølldølen enn på Flatbuen.»

 

Det kan vel vera ein påstand mange av oss likar å høyre, endå det nok er ei tvilsam sanning. Likevel er det faktisk slik at desse små fjellbygdene – trass i sine spreidde ressursar og moderate velstand – har synt gjennom tidene eit vedvarande kulturelt overskot og ei skaparkraft som har skapt ein sterkare identitet og eit betre omdøme enn mange sentrale og tettare folkesette bygder og byar. Og jamvel etter femti år med sentralisering og uttynning av fjellregionen er det mest i kvar einaste bygd personar som har utmerkt seg innan musikk, dikting, biletkunst eller handverk; ikkje få av dei har nådd eit ufatteleg høgt nivå innan sine felt, og i botnen ligg ein brei, tradisjonsboren folkekultur.

 

Kva dette kjem av kan det vera mange teoriar om. For min del vil eg berre seia at eg trur like lite på at armod og matstrev gjev næring til kreativiteten, som på at det bur eit særskilt gåverikt folkeferd i fjellbygdene.  Men den breie, livande og skapande bygdekulturen, som desse Fossedagane er eit slikt eit godt døme på, fortel i alle høve om at desse småsamfunna har genuine kvalitetar både for dei som bur her og for heile storsamfunnet, og desse kvalitetane gjev småsamfunna ein sterk eksistensrett.

 

Sentralisering og byvekst er globale trendar, drivne fram av sterke krefter. I vår del av verden produserer dei ein økonomisk rikdom og ei teknisk makt som Aasmund Vinje og generasjonen hans aldri ville kunne drøyme om – kanskje heller ikkje ønskje seg. For det blir kravt eit stort vederlag for velstanden me blir velsigna eller forbanna med: globaliseringa og urbaniseringa standardiserer natur og kultur og gjer oss til forbrukarar i ein verdsomfattande supermarknad, i staden for sjølvstendige, aktive og ansvarlege deltakarar i ein lokal samanheng som me kan sjølve rå over.

 

Kulturar blir borte og språk døyr over heile kloten. Det nynorske skriftmålet på norsk folkemåls grunn, som Aasmund Olavsson Vinje så ihuga var med på å kjempe fram, har no hovudsakeleg biti seg fast på Vestlandet og i nokre av fjellbygdene våre – men der forsvarar me det au på grensa til fanatisme. Sume trur at jamvel det norske språket går ei utrygg framtid i møte –  og det er faktisk dei som meiner at det er like greitt.

 

Eg er jamt skeptisk til påstandar om kva personar som ikkje lenger er blant oss ville meint om tilhøva i dag (og ei slik tankeøving er særleg krevjande når det gjeld Aasmund Vinje, inkonsekvent som han ofte var), men eg kjenner meg trygg på at den er i hans ånd, den trassige viljen til å byggje og bu i bygdene, i strid med trendar og økonomiske krefter. «Eg vilde heller hava gjort eit Lag (altså ein fest) for deim, som kunne dyrka upp desse gode Jordir i dette væne Land enn for deim, som gjorde alt for at leggja det øyde», seier han.

 

Ferdaminni handlar i stor mon om samfunn og utvikling, men som sagt gjev verket òg glitrande innblikk i forfattarens indre ferd, i form av brå streif til den staden han ein gong kom frå. Ikkje til presten og klokkaren og bonden i den bygda som ein gong avviste han, men heim til landskapet som han var ein del av og som blei ein del av han, heilt frå den vesle gutungen gjætte bukken sin, Blåmann, i fjellet kring Finnebu heime i Vinje.

 

På veg opp mot høgfjellet, der lufta blir skirare og skarpare, og spora etter menneska er små og umerkjelege og der han er heilt åleine, var det at han gjorde desse mentale heimreisene. Det var sundag ettermiddag den 22. juli 1860, skriv biografen Olav Vesaas, at Vinje gjekk tri mil «upp gjennom dei bratte Furulidar og vest og nordetter dei lange Fjøllmyrar og Flottir kvite av Reinsmose med knapt eit grønt strå». Men steg for steg kjem fjellet nærare; så kveldar det, og brått møter Vinje ei openberring av natur, om lag som då Gud heldt fest i Fjaler for Jakob Sande: «Lufti tok til at tykkna, so Fjøllpiggarna stodo med blågråe Hættur på Hovudet, som Soli af og til skein ikring og fargade Fjøll og Flott med sin himilske Eld». Han set seg på ein stein, andpusten, og turkar sveitten av panna, og så kved han:

 

No ser eg atter slike Fjøll og Dalar,

Som deim eg i min fyrste Ungdom såg,

Og sama Vind den heite Panna svalar;

Og Gullet ligg på Snjo, som fyrr det låg.

Det er eit Barnemål, som til meg talar,

Og gjer’ meg tankefull, men endå fjåg.

Med Ungdomsminni er den tala blandad:

Det strøymer på meg, so eg knapt kan anda.

 

Sjølvsagt blei ikkje diktet til der og då, men opplevinga er sterk, ekte og gripande. «Alt er som fyrr, men det er meir forklårat, so Dagsens Ljos meg synest meir Bjart», heiter det ein annan stad i diktet. Det monumentale og mektige fjellet endrar seg uendeleg lite gjennom eit manneliv. Det ligg eit mildt ljos over dette landskapet, eit ljos av vemod og kjærleik; det som er viktig i livet stig fram, det som er mindre viktig ligg løynt i skuggane.

 

I dette ljoset skjønar me at det er eit privilegium å bu nær fjellet. Dette er ein verdi me har felles i Stor-Elvdal og Vinje og mange andre fjellbygder. Slik sett representerer dette eine diktet frå 1860, Ved Rondane, ei poetisk samling av Fjell-Noreg, slik Garibaldi symboliserer den politiske samlinga av Italia det same året.

 

Det er ei stor glede og ære å avduke dette minnesmerket over Aasmund Olavsson Vinje.

 

Arne Vinje

Ordførar i Vinje