Å leva så normalt som mogeleg

Publisert 01.10.2011 01:08
Bilde av berit brænd foto Jo ØvergaardJaktenke og skribent Berit Brænd gleder oss med en ny tekst!
Å leva så normalt som mogeleg
Eg har ein mann som jaktar, og det er eg ikkje åleine om. No har eg ein mann som jaktar mykje, men det er eg heller ikkje åleine om, sjølvsagt. Han jaktar ikkje berre mykje, men mykje, og på mange stader. Eg har ein gong i mellom lufta teorien om at det kan finnast ein diagnose som kan kallast jaktautisme. No skal ein ikkje kødda med sjukdom, men det er svært freistande å gripa denne tråden og nøsta vidare. Eg googlar autisme+definisjon, og tenkte eg det ikkje:
Typisk for ein autist er mellom anna at han har avgrensa og stereotype interesser og aktivitetar; jau, som sagt. Forstyrringa er gjennomgripande og pregar det han gjer i alle situasjonar. Nå ja, ikkje alle, kanskje, men skal vi seie om lag 80 % i ei god veke? Det som slær spikaren i lokket , er det siste kulepunktet på nettsida til lommelegen.no. Forstyrringa, altså lidinga, finst på alle nivå av ”intellektuell fungering”. Eg seier ikkje meir.
Kvar dreg han så? Skottland, der er det fasanar. I Polen er det grisar, i Tsjekkia både grisar, hjort og rådyr. Rådyr er det på rundballane våre òg, seier eg. Han ser berre taust ut på reveåtet bortmed det gamle grishuset og nikkar, for så vidt samd, men skjønar kanskje ikkje heilt samanhengen. Han trur kan hende eg berre held konversasjonen gåande. Ein gong drog han til Danmark og skaut kråkeungar. ”Det lyt gjerast”, var det ein annan jaktkamerat som sa. Ja, ja, det lyt vel det, tenkjer eg. Korleis skulle det gå elles?
I femtiårsgåve fekk han ein tur til Sør-Afrika. Heim att hadde han med seg skinn og hovud av dei underlegaste dyr. Det aller gjævaste trofeet er hovudet av ein liten stakkar som liknar mest på ein bukkekilling. Det var det største eksemplaret som var skote av det slaget på ei stund, og rundt halsen på dyret heng det ein medalje. No drøymer han om å reise til Asia, til eit eller anna land som endar på -stan og skyte sau. Kjære deg, seier eg, som òg har skote ikkje så få sauar, men på særs stutt hald, vi har då gilde horn på veddane våre, med. Når dei no er brukt i eit par tre år, kunne du jo sikta litt slik på heimebane? Eg kan jaga dei ut på jordet bak låven for deg, det er snøgt gjort, og du sparar flyreisa? Men det verkar ikkje som han følgjer med.
Det gjer ikkje autistar. Dei er heilt i si eiga verd, og der synest dei det er fint å vera. Om kveldane sit han og røder på telefon med kameratane sine om jakter dei har vore på og jakter som ventar. Eg stikk innom ein gong i blant for å sjå korleis sjukdomen utviklar seg, snåvar i klauvene på villsvinskinna som døyver trekken langs golvlistene, får av og til blikkontakt, av og til ikkje, men eg ser i alle fall at han pustar, snakkar tydeleg og i heile setningar og verkar fornøgd.
Eg har vore inne på tanken om å ta initiativet til ei pårørandeforeining, slik som dei har med andre kroniske sjukdomar. Så kunne vi jaktenkjene samlast og utveksle erfaringar, diskutera symptom og elles støtta kvarandre. Prognosar treng vi ikkje koma inn på, det blir berre for sårt og vanskeleg. Kanskje kunne vi arrangera bussturar og kurs. Flekkar av geværolje på lindukar, kan dei fjernast? Kor høgt kan ein stabla beverskinn? Bør det setjast grenser for kor seint om kvelden ein kan tillata pussemaskina for gamal ammunisjon å dura og gå? Det er mangt og mykje ein kan ha nytte av å dela med andre i same situasjon.
Vi får sjå. Nett no er han heime, og rett som det er får eg kontakt. Det er triveleg. Kunsten er å leva så normalt som mogeleg og ikkje la lidinga ta over tankane heilt. Mine tankar altså, hans er det nok for seint for. Ein lyt la livet gå sin gang og tenkje positivt, sjå på dei ljose sidene. Og det er ikkje vanskeleg å finna noko å gle seg over: Han kunne ha bygd bilstereo, samla på tatoveringar eller limt Nidarosdomen av fløytekartongar. Då får han heller skyte kråke i Danmark. Han tek i alle fall med seg vin heim.