Sandhaugene ved Strømbu

Publisert 04.05.2023 00:15

Det er mye artig å oppdage hvis man hvis man er litt nysgjerrig. Hvorfor er det så digre sandhauger ved Strømbu for eksempel? 

breterasse beskjært
Breelvterrassen ved Strømbu/Myldingi manifesterer seg tydeleg i snøsmeltinga. Foto: Berit Gomnæs

Det kan professor i kvartærgeologi Atle Nesje fortelle oss:
Breelvterrasse ved Stormyldinge

Mot slutten av siste istid smelta dei siste isrestane på nordlege del av Austlandet vertikalt ned. Det betyr at fjellområda smelta fram først, og dei siste isrestane vart liggande att i dalane. Dei siste isrestane låg sør for hovudvasskilet mot Trøndelag. Desse isrestane hindra i ein tidleg fase smeltevatnet i å drenere sørover i Gudbrandsdalen og Østerdalen. Smeltevatnet vart derfor dirigert nordover og over passpunkt mot Trøndelag i nord, til dømes over Råtåsjøpasset og Fykfældalen nord for Dalholen.

På biletet er ein breelvterrasse med toppflata 780 moh. ved Stormyldinge. Terrasseflata representerer vassnivået i ein bredemd innsjø mellom ein bre sør i Atndalen og eit lokalt passpunkt ved Myrbekkmyre og Fisketjønne (773 moh.) nordvest for Stadsbuøyen, der Atndalsvegen (Fv27) kryssar over frå den eine sida av dalbotnen til den andre. Smeltevatnet rann gjennom dette passpunktet og vidare nordaustover mot Grimsmoen i Folldal. Neste gong du køyrer gjennom dette passpunktet kan du tenke deg tilbake om lag 10.000-11.000 år tilbake i tid, då det rann store smeltevassmengder gjennom her og vidare mot Folldal og Grimsmoen! 
                                                                         Atle Nesje


Bildet under er et LIDAR-kart * som viser breelvterassen ved Strømbu der det en gang var en kjempestor innsjø.

LIDAR
* LIDAR står for Light Detection and Ranging. Det er en metode der man laserskanner landskapet fra luften og lager digitale modeller av terrenget. På den måten kunne man for eksempel kartlegge månen, men det er et nyttig verktøy i mange andre sammenhenger. På bildet under er LIDAR brukt til å finne kulturminner. Man ser en rekke fangstgroper som antagelig ville vært umulig å finne ved å lete på bakken.

LIDAR fangstgroper