Årsmøte i turlaget
Sollia TurlagSøndag møttes 6 av turlagsentusiastane ved Atnasjø Kafé. Det var planlagt skitur til Sjølisætra, men på grunn av vær og føre vart det berre ein fottur i Atnsjølia. Etterpå var det årsmøte på kaféen – med hyggeleg samvær og kaffe og gode kaker.
Øyvind vart valgt som ny kontaktperson etter at Kari har fungert i 2 år. Vi takkar Kar for innsatsen! Berit G funerer 1 år til.
Det vart sett opp liste over tur-aktivitet for komande år. Lista blir sendt ut til alle som står på mail-lista vår. Det blir ca 1 tur i månaden – og på søndagar Er du interessert i å bli inkludert på lista, sender du mail til lien.oivind@gmail.com eller berit.gomnaes@gmail.com .
Sollia Turlag er ei uforpliktande (gratis) gruppe som er åpen for alle fastbuande og hyttefolk i bygda.
Vi på tur i vakker natur!
Tekst/foto Øyvind Lien