Septemberdag i Rondom

Publisert 19.09.2014 01:21

Midtronden + blomster 271Gudlaug 50 år 083
Ola Blæsterdalen er no i sitt 92 år. Men klår i hodet, formuleringssterk i tale  som i skrift. sollia.net er galde for å kunne presentere nok ei god soge frå hass penn.

Det er grå haustmorgon i Dørålen,
klokka er 5, ljoset driv og kjem. Dette er siste reinsjaktdagen i år. Seinkvelds kom vi frå uti dale i gårkveld, to blad Ola, og Tass. Rifle og nistesekker.

 Vi har sove godt i Gammelstu­gun i natt. Utover Atndalen ligg di­gre skoddeflak og driv, over Smedan og Vidalen driv eit fint snøyr. Vi blir samde um at vi lyt sjå heimover åt Gråhø`n i dag. Men det er vel klen von, dyre er vel stygt uppskremt etter trivikus jakt.

 Etter god frokost og prat med Pål, tar vi Tass i band og slenger sekker og rifle over aksla og går innover under Vesleberget. Innover i villreinen sitt land, med dåm av sagatid og steinalder. Vindtrekken står beint i mot, i dag får vi god vind å gå i. Været letnar, over Vassberget er det blå himmel. Det blir etter kvart fullt dagsljos. Under oss etter kløvvegen i Ragnhildstad ser vi karer og kløv­hester, det er Liakaran som skal til Verkilsdalen etter kjøt. Under Skagseggen går vi etter eit råk som reinen har laga gjenom tusen år, ja her har det gått mange dyr. Der i råket ser vi ei dyregrav, djup og fint mura, berre litt oppus­sing, så vart ho like god att. Ja det­te var før børsa kom i bruk.

 Tass trekkjer på og legg seg i se­lan, ja vi går mot vind, veit du. Vi går over bekken som kjem frå Vesleholet, nå har Tass teften av noe, det er sikkert, og der på ny­snøen er det drog etter mange dyr, sikkert hundre. Nå blir det liv i ka­ran. Glømt er lang veg og utsikt til tunge sekker. Nå er vi jegere, fjellet er vårt. "Døm er sikkert inni botten her". Vi går sakte, ferdige til å skyte. Vi synest vi ser grå dy­rerygger over alt, men det er stein og måså, låg gråvier kryp innover botten, rundt små tjønn, og med ein liten kaldvassbekk. Blankt vatn. Det blir slitsamt å gå ferdig så lenge, vi er komne inni botten, så vi ser inn til Dørålsvatnet. Da ser vi at hopen har gått opp inni Vesleholet og bak Stygghø. Vi skal etter, det er sikkert. Dagen er ung

enda. Vi kviler ved fjellbekken, kaffen koker fort, over ein liten varme av kåsskie og turrvier.

 Det er sterk veg etter hopen upp skaret, alle har gått etter kvar­andre som på ei snor. Store klauver har sprikt i nysnøen. Det blir sagt lite, kanskje er det ein storbukk i hopen? Kanskje den største i Rondom? Ingen veit. Vi pakkar sekkan, blyspissen ligg klar i mauseren. Det går bratt ende upp ura og uppå toppen har hopen lig­ge. Tass ligg flat i bandet nå, og der, mot horisonten i vest, ser vi eit stort dyr går og et steinmåså. IMG_38762Dit er det vel ein fire, fem hundre meter. Vi tøyer oss upp mot ein stor stein, og der er det rygg i rygg, store feite dyr, digre horn­kroner tegnar seg mot vesthimme­len. Alle er rolege og et. Men sjå der du, i kanten av hopen er det ein stor bukk med kvitt skjegg og vel­dig krone, han haltar på eine fram­foten, bukkar upp og ned for kvart steg han tar. Han skal vi ta, han skal sleppe å pinast meir. Skadskote dyr skal takast fyrst.

 Det blir kryping og åling på kne og ålbogar, kikking upp, alt er ro­leg. Fram går det sakte, 150 meter brukbart mål, still vidare, 100 meter og så 50 meter. Det er nere nok og meir enn det. Storbukken snur breisida til, siktet krup oppover bo­gen bak venstre bogfjøl, skotflek­ken. Roleg, roleg. Brått får varsem­la som ein styng, hukar seg i hop og dreg åt. Heile hopen i flog. Au au, at vi ikkje skaut fort da! Dei stanar på ein rande, det flotte geviret tegnar seg fint mot Gråhøe. Skotet rullar av langt nordi Gravhø`n, nokre spark med føte­ne, jau, eine framfoten er avskote, kanskje fyrst i jakten.

 Tass riv og slit i reinsbrodden, vi deler upp dyret. Det blir jamen tonge sekker, og gode saker å koma heim med. Feittet attpå ryg­gen, "skjeldre", er to tommer tjukt. Vi lagar ein liten varde så vi kan finne att resten av kjøtet, vi lyt nok hit att i morgo, veit du, ikkje verdt å bera i hel seg heller. Sekkan er tonge, men det går vel. Nå bryt sola igjenom, og nordafor oss ser vi Haverdalssætran. Reinshopen gjorde ein sving rundt oss, det klakkar og skranglar i klauver og horn, stanar og glor, men stryk så i stor fart utover mot Haverdalen. Mange gilde dyr der ja, sikkert hundre. Sekkan sig åt der vi dreg oss sakte framover Dørålsflye mot vatnet. Slett og fint å gå her ja, men drugt med tunge sekker og børse.

 Her er det spor etter kjerre, det er vel dovringer som har henta kjøt. Vi kjem rundt Styggberget, Dørålsvatnet er islagt alt, her er som­maren stutt. Der ser vi Svartfonna, der ein selvær seinkvells kvelden før aka ned, og bremsa med børse­pipa. Hundrevis meter endebratt ned i steinura ved vatnet. Det var kald kar, men når ein går seg vill, og er på toppen av Vassberget kal­de seine haustkvelden lyt ein vel noe prøve.

 Vi kviler ofte, når sekkan kjem av vil vi gå på nasen, ballas­ten er borte. Når vi er komne utåt Ragnhildstadbekken, blir det kaf­fekvil att. Det er godt med turrvier her og det ser ut til at det har vore mange kaffebål før. Tass driv fotpleie, alt i eitt lyf­ter han nasen mot vinddraget inna­frå Verkilsdalen. Susen frå åa inni der stig og fell med vindtrekken. Den kjem med gufs frå æveleg snø og is, storsteinsur og myrdrag. Langholet ligg som ein brei glup mot søraust. Eg hallar meg attover mot ein stein, og det kjem over meg ei sterk kjensle av at vi ikkje er åleine her i den gamle Dørålen.

 Det er mest som det tassar av skinnkledde menn, med nykveste spjut i hand, og øks i beltet. Menn som skal Bratt lendejakte etter gråe dyr, finne mat her i gråsteinsriket. Vi er berre som små rusk i den store heimen og lange tida. Her har menn drivi jakt og levd hardt, men friskt liv før. Det kjem andre etter oss, som vil finne livet rikt her. Sålenge det lever storbukkar, og det kjem til små reinskalvar ved snøfonnkan­ten i blåkalde mainetter.

 Forbi oss hastar ein klår fjell­bekk over blankslipt kupulstein og renn millom gråvier og myrbærkå­pe. Fram og ned mot dalen, mot strid og plikt, som vi òg må det, same vegen.

Men for alltid å vende attende så lenge føtene kan gå. Med same eg trer armane inni fotlane på sekken, kjem eg _JOO3260til å minnast kva ein fjellets diktar, Caspari, skreiv: "Ti vil jeg råde hvert motløst sind, som huser en lønnlig kummer. Han stiger der opp, mot bre og tind, han legge sitt hode til vidden ind, den synger hans sorg i slummer".
Foto Jo Øvergaard og Chr. P. Mathiesen