Det gode livet i Østerdalen

Publisert 01.05.2010 22:41

Bilde avTorstein,leikande soim  hundekjører
Det gode livet i Østerdalen eller frå katt og kanin til rype og aure
 
Torstein Storaas
 
Mannen er eit dyr. Det er ogso kvinna. Dyrearta menneske og forfedrane hennar levde lukkeleg som jegrar og sankarar i sju millionar av år etter at dei skilde lag med forfedrane til apekattane. For 10 500 år sidan byrja nokre folkegrupper i Midt-Austen med jordbruk. Jordbruket la grunnlaget for folkeauke og spesialisering. Dei fleste trælka med jorda, nokre vart jordeigarar, kongar og krigarar som hadde krav på mat som andre dyrka. Grupper som levde av sanking og jakt hadde to val då dei møtte jordbrukskulturen: 1) Byrja med jordbruk sjølve eller 2) Å verta fortrengde eller drepne. Jordbruket overtok unnateke der vekseforholda ikkje eigna seg. Folkeauken og spesialiseringa heldt fram. Det gode livet som sankarar og samlarar, det dyrearta menneske er utvikla for, er borte. Mange er djupt ulukkeleg utan å vita at det skuldast jordbruket. Ingen veg går attende. Men det er i dag mogeleg å spesialisera seg, selja arbeidskrafta si 37 timar i veka, 1687,5 time i året og leva lukkeleg som jeger, fiskar og sankar i Østerdalen eller på Finnskogen resten av tida. Vår tid er fantastisk for oss utvalde i Noreg ved at me kan nyta godt av alle dei kulturelle og tekniske vedundera som jordbruket opna for framvoksteren av, samstundes som me kan leva ut jegeren og samlaren, menneskedyret i oss. 
Det er ikkje lett å vita nøyaktig kva som hende for millionar av år sidan. Forfedrane til dyreartene menneske og apekattar slutta i alle fall å forplanta seg med kvarandre, truleg for 7 millionar år sidan.  Ulike forskarar er usamde om kor tidleg jakta vart viktig for forfedrane våre. Det verkar som om at politiske haldningar i dag påverkar korleis forskaren tolkar bevismaterialet. Uansett tykkjest alle vera samde om at sanking og fiske har vore viktig heile tida og at jakt har vore viktig etter at me utvikla oss til vår art, Homo sapiens, seinast for 140 000 år sidan. Jared Dimond går i boka si Guns, germs and steel grundig gjennom overgangen frå samling, jakt og fiske til jordbruk. Eit hovudpoeng er at me gjekk ikkje over til jordbruk fordi jordbrukslivet var best. Mange folkegrupper valde å halda fram livet som jegerar og sankarar ved møte med jordbrukskulturar. Men dei tapte. Dei vart fortrengde eller drepne. Paleopatologane ser av lika at sankarane var flotte og atletiske medan jordbrukarane var prega av einsidig næring og slitasje på grunn av einsidig arbeid. Men ein atlet hadde lite å stilla opp mot hundre svakare. Dessutan la jordbruket grunnlaget for spesialisering av våpenmakarar og krigarar. Livsforma me var utvikla for hadde ikkje ein sjanse då nokon byrja med jordbruk.
Bibelen tek heilt feil, syndefallet var ikkje då Eva lurte Adam til å eta av eplet. Syndefallet var utviklinga av jordbruket. Då fekk me eigarar, krigarar og slavar, etter kvart atombomber og miljøkatastrofar. Rett nok var det litt syndefall tidlegare ogso. Når mennesket oppdaga nye kontinent og øyar, drap og åt det gjerne opp dei lettfanga dyra som levde der. Bevismaterialet for dette er omfattande frå Ny Guinea, Australia og Amerika. I Amerika forsvann 50 store dyrearter då mennesket vandra inn. Mannen – og kvinna er dyr, svært dugande jegerdyr. Lukke er noko me kjenner når me gjer slikt som det var lurt å gjera for at næraste slekta skulle overleva medan me var sankarar, fiskarar og jegerar: kosa med kjærast og ungar, laga til nyttig og vakkert av det ein fann, rusla rundt og samla slikt som kan brukast, laga til mat og samarbeida om å nedleggja stort vilt. Eden i Bibelen er for bønder og Vallhall er for krigarar. Dei evige jaktmarkene er eldre og truleg meir i tråd med mennesket sine opphavlege førestillingar.
Dei evige jaktmarkene er borte og livet me er laga for vil aldri koma attende. Kongar og adel freista kombinera det beste frå si tid med det beste frå fortida. I England var det dødsstraff for å drepa Kongen sine hjortar, slottsveggene er fulle av skallane til daude dyr og den dag i dag fiskar prins Charles, kong Harald og Eric Clapton laks. Det forbausande i vår tid er at ei form for kombinasjon mellom nytt og gamalt ogso er mogeleg for oss vanlege folk. I store deler av Noreg er ikkje lenger jordbruk lønsamt. Folk flyttar og områda gror att. Og jordbrukskunnskapen gjer det mogeleg å byggja opp tette fiske- og viltstammer. Dette opnar for oss som vil ha det beste av det nye og det gamle. Me kan lata det moderne samfunnet utdanna oss til spesialistar som landsbygda treng. Eller me kan utdanna oss til noko morosamt der me kan levera per internett. So kan me selja dyrt det me eig i byen og flytta til det me kjøper billeg på landsbygda. Me må ikkje gå i fella med katt og kaninar og jordbruk. Jordbruk er for spesielt interesserte som vil slita. Nei, me må gjera som kongane og adelen, satsa på jakt og fiske. Det er heller ikkje so verst med vedhogst og bærplukking. Det beste er dei lange turane som me lest vera nyttige, skyta ei rype, fiska ein fisk. Og me kan me elska på ein fjelltopp. Då er me nær det opphavlege livet. Naturen inne i oss møter naturen rundt oss. Og so kan me gå til bilen, køyra heim att til elektrisk ljos, innlagt vatn og ferdig steik i den programmerte steikeomnen. Livet kan i vår tid vera det beste frå to verder, livet kan vera godt! Og det er vel nett slik me lever, me som er lure og egoistiske nok.