Reisande folk

Publisert 14.11.2013 10:37
Ola Blæsterdalen og Laila Yrvum foto Yngve RekdalREISANDE FOLK
av Ola Blæsterdalen
 
Det er ein hustrig seinhaustdag, vinteren er nok ikkje langt unna. Den fyrste snøen er nokså jamn nedover Rondfoten. Nordover Atndalen kjem det raklande eit fantefølgje, ein blakk hest dreg ei vogn med kjerring og ungar. Blekksaker og ting skramlar når kjerrehjula går over ujamn veg. Bak lasset går han sjøl, Kalle, med taumbikkja i band og den unge sonen Fredrik.
Utpå kveldinga er følgjet kome nordi Blæsterdalsbakkan, og sjøla, ho Vakker-Anna, mumlar om at her er det ein gard vi kan spør um hus for ei natt. Ein liten hund av ukjent rase snuser upp med nasen og værer bufaste folk. Vel upp i Blæsterdalsbakkan, grånar det fram mange gråe hus, ein grå elghund møter upp i grinda, flekkjer tenn og er lite vennleg.
 
Ho sjøl, Vakker-Anna, ropar attover åt dei andre "denne hunden er kjent som mannvond så pass døkk unger". Ein gubbe kjem ut svala, ser reisefølgjet og hyttar åt hunden: "Sjo! Pass seg, ti stille"! Hunden luskar burt til huset sitt med rompa ned, men held nøye auge med reisefolka. Blakken stoppar og vil gjerne ta kvelden. Eit stykkje etter dei fremste ventar resten av følgjet. Dei har gjort den erfaringa at det er lettare å få husly for natta når det er berre to-tre folk som kjem. "Er det husly å få for nokre få reisande folk her som det er så mange fine hus"? "Døkk lyt spør kjerringe", seier gubben Tollef. Nå er gardkjerringa, ho Klara, kome upp til hafella, og det blir helsing og høg prat når Vakker-Anna går fram og handhelsar, nesten som det skulle vera nere slekt. "Å Herre Gud mor, kan du skaffe oss fåe reisande hus for natta, vi er da kjente vi"? "Jau, det er da ikkje tale på at døkk lyt reise vidare i kalde haustkvelden", seier Klara.
 
Nå er plutseleg fleire av følgjet kome etter frå skogkanten. Gardkjerringa blir litt fortenkt når ho ser det vart så mange, men seier: "Døkk lyt få bu i eldhuset". "Å Gud velsigne deg mor", seier Vakker-Anna. Nå blir det liv i fillom, kjerra blir lessa av, Blakken får plass i såmårfjoset. Fantungan spring rundt på uppdagelsestur. Passop, gråhunden, er i band ved huset sitt, og sender sure augekast etter dette uppstyret.
 
Tateran fløtte inn i eldhuset. Takka er einaste ovn og kan nyttast til koking og varme. Kjøt og fleskbiter blir kokt, mathandelen er grei, det er i byte med blekksaker. Bakstefjøla er truleg til bord og matlysten er ganske frisk hos både store og små fanter. Um kvelden kjem dei inn åt oss, Vakker-Anna og den andre pøla, vil låne kaffekvenna vår. Det brenn lystig på peisen som vanleg kvar kveld. Fantekjerringan knasker på kaffekorn, passer kjelen i peisen, og har det bra. Dei fortel um kor dårlege tider det er utpå bygdan. Eg er vel i 9-10 årsalderen, og synes det er både artig og snodig å høyre på det rare fantespråket. Særleg imponert er eg over dei fine koppårringan dei har både her og der. Dei har strikkegarn i koppårkrok i beltet, koppåret må vera gull trur eg.
 
Seint på eftan kjem far min, Jørgen, frå måsåhøen, sliten etter ein lang måsådag, der finn han garden full av fanter. Han likar det berre så passeleg, men etter eit dugeleg nonsmåltid ljosnar han upp, han òg. Han Karl, sjølfanten, vil endeleg selgja ei klokke til far. "Makalaust ur farr! 15 steinarr….       og dobbelt kapsel." Men far berre skrattar og meiner at klokke treng han ikkje. Han ser på sole kor langt det li. "Når ho er over Høgrond er det dugurd, og over Dørålen er det nonstid".  "Det er der dummaste eg har hørt", seier fanten, "neste gong vi treffes vil du nok handle".
 
Mor vil ha fortenna ein kaffekjel, koppårkjel, og eit blekkspann til sepratoren skulle ho hatt òg. Det blir bytta i mat, som er grei handel. Blakken blir leid burti Heggeruste, som er ei snaugnagd hamnlykkje, det syntes eg var dumt mot natten men...
 
Tidleg morgon er det full fart i eldhuset. Fredrik, ungfanten hentar vatn i bekken og alle vasker seg i stallbytta, men ingen er sur for det! Ungfanten Fredrik har trekkspel, og sett seg på troppa og spelar. Svart, krølla hår som stadig fell framover, har han. Han syng vakre taterviser og smiler med kvite tenn. Han Karl finn fram loddesaker og tetter eit spann, koppårkjelen blir fortenna.
 
Det li utpå dagen, og folka i eldhuset tek så snart til å bli urolege, dei skal vidare mot Folldal. Blakken blir henta i Heggerusten, kjerra blir lasta upp. Alle hadde sove godt på eldhusgolvet og nå vil dei vidare mot ukjent mål. Vakker-Anna og Kalle kjem fram og takkar i handa – velsigna folk på denne garden! Takk, takk! Vi høyrer skranglinga frå jernskodde hjul nordover. Taterbikkja gneldrer litt, og så er dei borte. Små kalde snøfnugg kjem frå sør, vinteren er i kjømda. "Stakkars tater", seier mor. "Det er sant", seier far, "men dei vil ha det slik".
 
Da skranglinga frå vognhjula på tatervogna taper seg nordover gamle Atndalsvegen, står eg att og tenkjer på ein særskilt ting. Det er den flotte og lange knivdoningen som sjølfanten, han Kalle, hadde.
 
Um kvelden satt eg og titta på når Kalle sto framfor peisen og prata. Eg var spent på um han ville ta kniven upp av slira. Både kniv og slire var overlag fine. På slira og kniven var det blanke holker av blankaste sylvet, mintes eg. "Det er ikkje sylv, men nysylv", sa far. Mest spent var eg på um eg fekk sjå knivbladet. Jau, han drog upp det lange bladet og skar seg ei skrå. Eg hadde hørt gjete at tateran sloss, og stakk kniven i ein an. Var det blodrand på knivbladet? Var det som ei raubron rand der? Men kniven kom raskt i slira og doningen fall liksom så sjølvsagt på sin plass på taterbaken.
 
Ein åtteåring står att og tenkjer, kanskje skulle eg vore tater, så kunne eg hatt så fin kniv?
Passop, gammelhunden, har kontrollert alle spor. Han legg seg ved huset og sukkar velnøgd, det hadde vore reisande folk på gjesting.
 
 
Ola Blæsterdalen foto Jo Øvergaard
Ola Blæsterdalen er no i sitt 91 år. Men klår i hodet, formuleringssterk i tale  som i skrift. Lett på foten er han og. Få om nokre andre, dansa så mykje som han på dansefesten på Jomsborg under Fossedagane 2013.
Denne forteljinga ga han åt Laila Yrvum under Fossedagene. Ho likte dette så godt at ho les delar av den frå scena under konserten.
Fortteljinga har stått på prent i Folldalsjul i 2011