Nokon gjer noe med attgroinga

Publisert 16.07.2020 07:00

 20 0715 Skogtynning_Atndalen_Stor-Elvdal_13072020_

Bildet: Flott skogtynning ved Elvebakken der elva med kanopadlarar igjen har vorte synleg.


Atndalen gror att, men nokon gjer noko med det

 

Yngve Rekdal 14.07.2020

Eg har køyrt Atndalen i mange år og sett korleis bjørkeskogen tetnar i dalbotnen. Snart er det som å køyre i ein grøn tunnel der korkje elva eller tjønner og myrer er synlege. Nokre gardar bryt opp det einformige, men også her står skogen som mørke veggar kring dei dyrka areala. Det har vorte kjedeleg å køyre, sjølv om fjella er storslegne dersom ein løftar blikket, men det skal ein bilførar vera varsam med.

Årsaken til attgroinga er først og fremst redusert beiting, hogst og anna hausting av utmarka. I tillegg kjem eit varmare klima siste åra, og kanskje blir voksteren også stimulert av gjødsling med nitrat frå nedbør og auka innhald av CO2 i lufta.

Ved Elvebakken er det forsøkt gjort noko med det. Skogen er tynna slik at elva igjen har vorte synleg. Det er Sigurd Hilding Øyen som har utført dette, og det er gjort heilt etter læreboka. Tynning er stikkordet – ikkje snauhogge. Ved snauhogging vil bjørka kom opp att enda tettare enn før og etter nokre år er arbeidet bortkasta. Ved tynning vil framleis skogbotnen vera skuggelagt, og det gir lite nyrenningar. Målet må vera å få fram ein open skog med storvaksne bjørker som er mortre. Desse mortrea undertrykkjer nyskot inntil dei døyr – da kjem nyskota i vokster. For å få dette til er det best med tynning i fleire rundar.

Skal Atndalsvegen vera nasjonal turistveg må også skjøtsel av landskapet leggast vekt på – ikkje berre tilrettelage opplevingsattraksjonar. Alt som gror att greier ein ikkje av med, derfor er det viktig å sette inn arbeidet på areal som gir utsyn til vatn. Dette gir variasjon i landskapsopplevinga, og kanskje ser ein også dei mange padlarane som no nyttar denne flotte elva i dalføret.