Samarbeider om nasjonalparkar som merkevare
Miljødirektoratet har valt Snøhetta Design som samarbeidspartnar i utarbeidinga av ein merkevarestrategi for dei norske nasjonalparkane.
Merkevarestrategi for nasjonalparkane
Snøhetta Design vann konkurransen om å få utvikle ein merkevarestrategi for Noregs nasjonalparkar.
Strategien skal bidra til å gje nasjonalparkane ein meir tydeleg identitet.
Målet med arbeidet er å legge til rette for auka besøk og verdiskaping, utan at dette går på akkord med naturverdiane i nasjonalparkane.
Nasjonalparkane får og ein fullverdig visuell profil som skal nyttast i marknadsføring og tilrettelegging i og ved parkane.
Merkevarestrategien skal gje nasjonalparkane ein meir tydeleg identitet. Strategien skal bidra til å styrke nasjonalparkane som attraksjonar for besøkande gjennom høg kvalitet på tilbodet i og rundt parkane. Målet er at fleire skal legge turen til dei, og at den lokale verdiskapinga aukar, mellom anna i reiselivet. Samtidig skal vi bli enda betre til å ta vare på naturverdiane i parkane.
– Dette er eit spennande arbeid som vil påverke korleis du og eg oppfattar nasjonalparkane våre. Vi har grunn til å vere stolte av «juvelane i norsk natur», og ønskjer at merkevarestrategien skal bidra til at vi forstår dette enno betre, seier Ellen Hambro.
Brei involvering
Miljødirektoratet har fått oppdraget om å utarbeide ein merkevarestrategi for nasjonalparkane frå Klima- og miljødepartementet.
Snøhetta Design skal saman med Miljødirektoratet leie prosessen med å utvikle strategien og sikre god involvering i arbeidet. Nasjonalparkstyra, reiselivsaktørar og andre vil bli bedne om å bidra, mellom anna gjennom regionale idédugnadar i fem landsdelar. Det skal òg lagast ein plan for korleis merkevarestrategien skal takast i bruk.
Hentar fram det beste
Eit mogleg grep er å utarbeide ein ny og einskapleg visuell profil for nasjonalparkane og naturinformasjonssentra som informerer om dei. I så fall vil ein slik profil bli svært synleg for folk etter kvart. Han vil bli nytta i marknadsføringa av nasjonalparkane. Han vil òg takast i bruk ved utforminga av skilting, informasjonspunkt og innfallsportar til parkane.
– Vi er glade for å ha fått med oss Snøhetta Design på laget. Dei har god erfaring frå liknande prosessar og vi er sikre på at dei vil bidra til ein merkevarestrategi som hentar fram det beste vi har i nasjonalparkane våre, og viser det fram, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
Snøhetta Design har gjort liknande arbeid mellom anna for Telemark som reiselivsdestinasjon, og Avinor.
Langsiktig arbeid
Det vil ta tid før merkevarestrategien fullt ut er teken i bruk i alle dei 37 nasjonalparkane våre. Kvart år løyver miljøstyresmaktene millionar av kroner til tiltak i og rundt nasjonalparkar og verneområder. Desse midla vil i åra som kjem verte styrde til tiltak som er i tråd med merkevarestrategien. Slik vil ein gradvis sjå at strategien vert teken i bruk.
Parallelt med merkevarestrategien, skal eit utval nasjonalparkar lage besøksstrategiar for å førebu seg på auka besøk. Dei fire utvalde er Rondane, Jotunheimen, Varangerhalvøya og Hallingskarvet nasjonalparkar.