Inger Heiberg til minne

Publisert 12.02.2015 11:04

Inger HeibergInger Heiberg har gått bort 11. desember i fjor, og landet har mist ein av sine mest inderlege naturvernarar.  Med velformulert engasjement og solide kunnskapar skreiv ho innlegg og artiklar som gjorde det vanskeleg for mange på den andre sida.  Alle som prøvde, hadde store problem med å feie vekk hennar standpunkt på ein sakleg måte.

            Inger Heiberg var fødd i 1918 og vart 96 år.  Faren var prest, og ho hadde det meste av sin oppvekst i  Lom.  Naturen i barndomslandskapet – elvane, skogen, fjella – sette nok sitt preg med ei glede som vart ei drivkraft i hennar seinare innsats for å berge både elvelandskapa og ”alle de ubegripelige under” som lever der.  I Lom vart naturen ”min store kirke”, skreiv ho.  Når skal vi lære å respektere det uendeleg sårbare livet?, spurde ho i ein artikkel. 

            Av utdanning var Inger cand. philol. Store delar av sitt vaksne liv heldt ho til utanlands, med sin mann Gustav, som var diplomat.  Det var under eit opphald i Los Angeles i 1960-åra at naturverntanken for alvor greip tak i ho.  Då forstod ho at naturen ”må vernes mot oss grådige og tankeløse mennesker”.  Vel heime att gjekk ho i 1970-åra med stor kraft inn i kampen mot kraftutbygging i Jotunheimen, ein plan som også ville legge det mektige i hennar kjære Bøvri under torva.  Ho var ein av initiativtakarane til Jotunheimaksjonen, som mellom anna gav ut artikkelsamlinga ”Den korte sannhet”.

            Pennen var hennar skarpaste våpen.  Mange av hennar avisinnlegg stod i Aftenposten. I tillegg til opplysningar om den konkrete saka, hadde innhaldet ofte eit filosofisk preg og eit tydeleg etisk fundament.  Økonomisk vinning kunne ikkje forsvare å neglisjere dei svakaste – organismane som ofte klarer seg under barske vilkår, men ikkje mot den sterkaste arten, mennesket.

I kampen for frie vassfall var Inger Heiberg slitesterk.  Etter at elvane i Jotunheimen fekk halde fram med sitt naturlege liv, følgde ho stadig følgde ho med til nye saker.  I redaksjonen av Vassdragsvern, ein enkel publikasjon som gjennom mange år spreidde informasjon i kampens hete, gjorde ho ein langvarig innsats.  Alle lytta når ho sa noko.  Som regel var det etter oppmoding.  Inger Heiberg trengde seg aldri fram.

Hennar bodskap kom ikkje berre frå bokleg innsikt, men i høg grad frå det ho opplevde ute.  For Inger var naturen rik på perler.  Under samlingar utanfor allfarvegen var ho ofte med, også i høg alder.  At mange yngre deltakarar kunne vore hennar barn eller barnebarn, såg ho på med glede, som håpet.  Sjølv når det kunne sjå mørkt ut, forsvann ikkje smilet og gleda over det små i den store allnaturen. 

Sjølv om Inger Heiberg var i 50-åra då ho kom med i vassdragsvernet, la ho gjennom fleire tiår ned ein svær innsats.  Ho fekk òg oppleve mange gledelege resultat, elvar som den dag i dag tener det livet ho sette så høgt.  

 

Per Flatberg, Lars Haltbrekken og Erik Solheim, Naturvernforbundet