Ei vågal dåpsferd

Publisert 20.01.2021 12:04

 Ei vågal dåpsferd                                                                                Av Ola Blæsterdalen
IMG_3835.jpg tegning

Marit Pedersdatter Stadsbuøyen (f. 1821, d. 1911) vart i 1842 gift med Ole Erlandson (f. 1819, d. 1914) på Sæter gard i Atndalen. Bryllupet stod den 11. desember og allerede 27. desember, vel to viku etterpå, kom fysste barnet. Ungeflokken voks fort. Marit fødte i alt 12 barn som kom i tur og orden frå ho var 21 til ho var 46 år. Alle barna voks upp og vart sterke, friske folk. Dei fleste fløtte ut som rimeleg var, til Amerika, Gudbrandsdalen og Stor-Elvdal. Erland, Ole, Berte, Ragnhild og Martin vart att i dalføret.

Marit Pedersdatter, seinare kalla Gammel-Sætra, og Ole Erlandsen var vel eit noe originalt par. Det var visst Marit som laut vera den sterkaste både ute og inne. Det var veldig lang veg til Folldalskyrkja når dei skulle til dåpen med barna. Og døypast på skikkeleg vis laut barna så snart det var råd. Elles låg barnet utrygt i vogga og det kunne bli «kirketugt».

Det er omtala i Atndalen at Marit Sæteren gjorde ein dåpstur med ein av ungane i verste førefallet. Det var mor mi, Klara frå nørdre Strømbu, næraste nabo med Sæter gard, som fortalte meg dette. Garden ligg på vestsida av Atna. Etter datoen å dømme må det anten vera Erland, «Elland med foten», f. 4/5 i 1844, eller Petter f. 16/4 i 1867 da Marit var 46 år gamal, som satt innreiva på ryggen til mor si på den turen.

Turen gjekk gjennom Sandomsmorka og videre nordover dalen. Vegar var det dårleg med og bruer over elvane enda dårlegare. Atna var flomstor og Grimsa likeså, og det var vårkåte bekker fleire stader. Kanskje var det kome bru over Folla ved Kvannsletten. Etter omlag tri mil var dei framme ved Folldalskyrkja og det vart barnedåp.

Det er ikkje kjent um Marit tok fatt på heimturen same dagen. Sjøl om ho hadde mange unger heime, kvilte ho truleg sjå syster si på Krokhaugen, Ragnhild, eller på Holen der ho hadde systra Eldri. Om ho hadde noko følgje på turen, er ikkje kjent. Mannen Ole var ikkje nemnt når dette vart umtålå. Han var visst ikkje av dei mest hissige i arbeid er sagt, men flink garnbindar, jeger og fiskar. Når det tok til å bli lite høy i Sætersgarden utpå våren, drog han sør åt Atnbrue og dreiv med garnbinding (fiskegarn).

Både Sætra og Sætrin, Marit og Ole, var svære til å bruke tobakk. Gammel-Sætra både røykte og snusa. Så litt dop vart brukt den tida òg. Dei vart 90 og 95 år gamle.

Dette er ein liten titt inn i livet på ein gard i Atndalen for lenga sia. Kanskje vanskeleg å forstå i dag, men slik var det da.