Rensjakt i Døråle

Publisert 15.01.2021 06:15

 Ola Blæsterdalen bur nå i fin omsorgsleilighet i Folldalen, der han er så heldig å ha god utsikt te fjell både i Mjovassdalen og i Rondom. Fortsatt interesserer han seg for- og drøymer um jakt både natt og dag, ikkje minst på septemberdager med klår luft, blåe fjell og fine haustfargo. Ola har mange gjeve jaktturer å tenkje attende på. Her er ein av dei:

I Dørålen og Verkilsdalen 2020 bilde
Ola med reinen han skaut på jaktturen i 1991. På nasen kunne det sjå ut som den hadde vore skote på året før. Foto: Kjetil Blæsterdalen

I DØRÅLEN OG VERKILSDALEN                        Av Ola Blæsterdalen

Det er siste dagen i reinsjakten i 1991, den 14. september. Jakta har vore så som så, det har vore burtimot reinstomt uti Kringlom. Utover ved Dørålsvatnet har det vore eit par «glufs» med hope på eit par hondre dyr, skremt frå nordi Sletthøtraktom. Turistkjåket hell dyra burte i dei beste strøka av Rondom. Men etter enkelte bask, når dei blir retteleg vettskremt i Grimsdalen, kjøm dei sørover. Og sist på jakten kjøm storbukkan fram, kanskje frå sør i Vulufjellet.

 Eg er uppe ogudeleg tidleg, tek bilen, og da eg er uta setran i Dørålen, er det berre ho Liv på Midtre som er uppe, ser eg, skal nok ha ein kaffetår før ho mjølker kyrne. Det er enda ganske myrkt og det er steinot innover turistråket, tek det med ro. Ingen jegerbil ved setran, nei det er kanskje ingen rein heller. Eg ruslar over brua og over Bergedalsbekken. Det ljosnar, kiklar uppi Skagsnebb. Ingen korp varsler um dyr. Ser ut til å bli bra ver, litt skodde uppå Vassberget, vind gusta utover dalen, og det gjer han da nesten støtt.

 Utmed elven i Ragnhildstad finn eg kaffekvilplassen frå mange kaffekvilo før. Rikeleg med turrvier, feitvedskie i sekken og snart lufta det forsætt så godt kaffe. Kiklar grundig uppi Smeden og upponde Stygghøe. Tomt. Pakka ned kakuskivun og kjelen, ser på børsa, ser gjennom kikkertsiktet. Ruslar uppå Langholsråket, her er av dei finaste stellom for rein, og passe kupert for å stille innpå. Går og minnest mange bra jaktturer her. Det er enda tidleg dags, eg ser ikkje noe liv, men Vassberget ligg mektig på eine sida og Sagtind, Nørdre Håmårn og dei andre Smedan ligg der som før rundt den eventyrleg fine Verkilsdalen. Eg skrår meg ned over Langholskriu, hoppar over åe, som er begynnelsen på Atna. Tenkjer å gå innåt den gamle steinbue, som dei kalla Selvershuset. Det skulle vera karer frå Sel som bygde denne på 1800-talet. Her var det nok godt å finne ly, og gjevt å finne rein. Bua går i eitt med røysa rundt. Taket er for lenge sia burte. Det har liggi att ei fjøl av taket her før, eg har ofte tenkt at det er godt gjort at ingen brenner denne på kaffevarmen. Det er nokså smått med ved her. Litt låg gråvie veks ved å-kanten. Men i år er fjøla brent, ser rester av ho på bålplassen i bua.

 Eg et kakuskive og drikk kaldt, godt vatten frå åe. Kiklar innover fine grassletto og inn til storfangstanlegget. Skulle vel sett inni Botn, men det tek nok fire timer fram og attende. Mange tankar kjem når du sit i ei slik gamal jaktbu, må prøve å tenkje korleis dei hadde det dei som krulla seg i hop her på 1800-talet, og drømte um dei grå dyra. Og for kanskje 1000 år sia, når skinnkledde menn dreiv heile flokken inn i bingen ved Storsteinen og stakk i hjel og skaut med pil og boge frå bågåstillom.
 Eg takkar for meg åt Selvershuset, og ruslar utover på vestsida av dalen. Det blæs hardare nå. Gamal, kvit molte står på myrflekkom. Her har det vore mye bær i år, men ingen trong vel gå så langt for å finne noe i slikt eit kronår for molte. Det er så mange store steiner å søke ly bak her utover mot Vassbekkosen. Eg sett meg i ly for ein svær steinblokk. Kiklar og kiklar. Føljer horisonten uppover Smeden, og der ser eg nogo fint, tett i tett med store reinskroner, liksom vaggar ærverdig mot hausthimilen. Det krislar i det gamle jegerblodet, men fy så høgt uppi blåe ura dei er! På lette og lange steg fær eg, tittar og tek merke kvar hopen ligg. Det må vera 50-60 dyr, og berre stor bukk! Stiller og kiker, prøver vind, det er 1000 meter uppåt enda. Det er ei lys strime i ura tett ved hopen, må ha den til merke. Dette er siste sjanse i år, eg må prøve å vera forsiktig. Nå er det reint uråd å sjå dyra, merkeleg, dei må vera i ein søkk. Det er nok ein flokk med luringer dette. Eg sett att sekken (leita lenge før eg fann han att!), kryp, åler og tittar. Ser ein lugum kant uppå der, får prøve å koma dit, slit meg fram på buken og tittar upp. Besynderleg, her skulle dei vore, har dei fått ei aning av meg og stukke av? Eg heiser meg upp på kne for å sjå. Og du merakels, der er dei, fullt av stor, diger reinsbukk, flotte brone horn og dei er i farten! Har nok vurte vàr noe og raklar unda sørover, her hastar det, tida står stille, du berre er. Dei stanar, eg klemmer på den siste som står og ser seg attende. Flokken set seg i fart utover mot Langholskriun, men ein bukk står att, dei andre dreg. Han står ei stund, rullar så pent over ende og set føten i veret. Takk og pris, det var så vidt! Eg ligg roleg og føl flokken utover, for eit syn! Dei tek det pent innover mot Langholet. Aldri har eg trudd eg skull få sjå ein hop med berre storbukk, har trudd det var berre skryt. Kanskje kom dei frå Vulufjellet, og så seint som det er på hausten er dei vel snart i full brunst, og da er dei ikkje etande. Eg slaktar den fine bukken, kosar meg og må sjå på den fine krona. Legg på ei passe bøl og ruslar utpå Ragnhildstad og tek ei grundig kaffekvile. Det kjem åtte turister etter Langholstigen, skal vel nå middagen på Dørålseter. Flaks at eg fekk rein før dei skremte! 
 Det er myrk haustkvell før eg er ved bilen uta setran att, og får lempa inn bøla og børsa. Aldri er bilen så kjær som i slike høve! Andre morgon er Kjetil med, og vi får berga kjøtet. Ein fin jakttur, og som så ofte før, når vona er minst er det nyss før det blir noe. Takk fjell!