Jubileum

Publisert 06.04.2022 11:25
VinjebildeI dag er det 204 år sidan den norske diktaren og bladmannen Aasmund Olavsson
Vinje blei fødd. Heile livet kjempa han for landsmålet, og skreiv både dikt,
journalistikk og essay med stort engasjement og formidlingskraft.

Eit av dikta han er mest kjend for i ettertida er kjærleiksdiktet “Den dag
kjem aldri”, som byrjar på dette viset:

Den dag kjem aldri at eg deg gløymer,

for um eg søver, eg um deg drøymer.
Um nott og dag er du like nær
og best eg ser deg når det myrkt er

Du leikar kringom meg der eg vankar.
eg høyrer deg når mitt hjarta bankar.
Du støtt meg fylgjer på ferdi mi
som skuggen gjeng etter soli si.

Hell i kjærleiken hadde han ikkje, Aasmund Olavsson Vinje. I 1869, då han
var 51 år gamal, gifta han seg endeleg med lærarinna Rosa Constance Sophie
Kjeldseth. Ho hadde tidlegare vore gift i mange år, men var no skild. Året
etter at dei gifta seg døydde Rosa, nokre dagar etter å ha fødd sonen deira.
Året etter døydde òg Aasmund Olavsson Vinje — 52 år gamal.

Ved Rundarne
«Ved Rundarne» var opprinnelig tittelen på diktet av Aasmund Olavsson Vinje

fra 1861. Diktet er hentet fra tekstsamlingen Ferdaminni fraa Sumaren 1860.
Det ble tonesatt av Edvard Grieg i 1870-årene. Melodien fra hans opus 33/9
har gjort det til et av de mest kjente norske diktene. (Wikipedia)

Dette er innledningen Vinje selv skrev:

Tri mil gjekk eg ein sundags ettermiddag upp igjennom dei bratte furelider
og vest nordetter dei lange fjellmyrar og flotter, kvite av reinmose med
knapt eit grønt straa. Der var so audt og daudt at eg berre høyrde
andedraget mitt. Kvelden drog inn paa, og lufti tok til aa tjukna, so
fjellpiggarne stod med blaagraa hettor paa hovudet, som soli av og til skein
ikring og farga fjell og flott med sin himmelske eld. Eg sette meg paa ein
stein og skaut pusten og turka sveiten av panna mi.

Så følger diktet, med første linje No seer eg atter slike Fjøll og Dalar.

No seer eg atter slike Fjøll og Dalar,
som deim eg i min fyrste Ungdom saag,
og sama Vind den heite Panna svalar;
og Gullet ligg paa Snjo, som fyrr det laag.
Det er eit Barnemaal, som til meg talar,
og gjer’ meg tankefull, men endaa fjaag
Med Ungdomsminni er den Tala blandad:
Det strøymer paa meg, so eg knapt kan anda.

Ja, Livet strøymer paa meg, som det strøymde,
naar under Snjo eg saag det grøne Straa.
Eg drøymer no, som fyrr eg altid drøymde,
naar slike Fjøll eg saag i Lufti blaa.
Eg gløymer Dagsens Strid, som fyrr eg gløymde,
naar eg mot Kveld af Sol eit Glimt fekk sjaa.
Eg finner vel eit Hus, som vil meg hysa,
naar Soli heim mot Notti vil meg lysa.

Alt er som fyrr, men det er meir forklaarat,
so Dagsens Ljos meg synest meire bjart.
Og det, som beit og skar meg, so det saarat,
det gjerer sjølve Skuggen mindre svart;
sjølv det, som til at synda tidt meg daarat,
sjølv det gjer’ harde Fjøllet mindre hardt.
Forsonad’ koma atter gamle Tankar:
det sama Hjarta er, som eldre bankar.

Og kver ein Stein eg som ein Kjenning finner,
for slik var den, eg flaug ikring som Gut.
Som det var Kjæmpur spyr eg, kven som vinner
af den og denne andre haage Nut.
Alt minner meg; det minner, og det minner,
til Soli ned i Snjoen sloknar ut.
Og inn i siste Svevn meg eigong huggar
dei gamle Minni og dei gamle Skuggar.

Fra Ferdaminni frå sumaren, 1860