Hvordan ble Rondane så vakre?

Publisert 10.09.2014 01:12

_JO11603"Hvordan ble Rondane så vakre”

Denne lyriske inngangen  og oppdraget med å forklare oss;  gjorde professor Atle Nesje, Institutt for geovitenskap, Universitetet i Bergen, med letthet. Elever fra Sollia skole deltok og ca 75 voksne . Alle  interesserte voksne - her definert som bortimot  besteforeldregenerasjon. Atle Nesje kåserte ovenfor en lydhør forsamling i finværet. Jfr JØ sitt bilde fra Nessetra mot Rondane.
Fredagstur er et fast opplegg under Fossedagene og arrangeres i samarbeid med Glommen Skog.

Geologien i Rondane og landskapsutviklinga i Rondane kan kort summerast opp på denne måten:

 

Rondane består av om lag 650-750 millionar år gamle, harde og omdanna

feltspatrike sandsteinar (sparagmitt) frå siste delen av den geologiske perioden kalla prekambrium. Kontinentet Baltika, som 'Noreg' var ein del av, låg då omlag 60 grader sør for ekvator.

 Dei feltspatrike sandsteinane vart under den kaledonske fjellkjedefalding, då ’Noreg’ og ’Grønland’ kolliderte for omkring 400 millionar år sidan, skjøve fleire hundre kilometer mot aust.

 Den avrunda, såteliknande forma til Rondane vart utvikla frå om lag 60 millionar år

sidan til 2,6 millionar år sidan som eit resultat av forvitring (oppsmuldring av fjellet) i eit varmt og fuktig klima.

 Rondane ragar nokre hundre meter over fjellvidda mellom Gudbrandsdalen

og Østerdalen etter landhevingar dei siste 66 millionar år.

 Botnane og eggane i Rondane er danna på grunn av erosjon av botnbrear og innlandsisar gjennom 40-50 istider dei siste 2,6 millionar år (kvartærtida).

 Under maksimum av siste istid for om lag 20.000 år sidan og under isavsmeltingsperioden mot slutten av siste istid for 15.000-10.000 år sidan låg isskiljet (brekulen) sør for Rondane. Dette førte til at smeltevatnet under isavsmeltingsperioden rann nordover mot Trøndelag og ikkje sørover, slik til dømes Atna gjer i dag.

 Dei fleste geologane trudde tidlegare at fjelltoppane i Rondane hadde vore dekka av innlandsisen under maksimum av siste istid. Nyare forsking syner at toppane i Rondane stakk opp som nunatakar under maksimum av siste istid.

Langs Atndalen er det spor etter smeltevassdreneringa mot slutten av siste istid i form av spylerenner langs dalsidene. Desse spylerennene har ein gradient på om lag 10 meter per kilometer mot nord og syner på ein instruktiv måte korleis overflata til innlandsisen smelta ned under isavsmeltingsperioden. Dei øvste spylerennene er dei eldste og dei lågaste er dei yngste. Dei siste restane etter innlandsisen låg dermed att langs dalbotnen og i Atnsjøen, noko den ujamne botnen i Atnsjøen vitnar om.

 sollia.net kjem tilbake til professor og kunsthistoriker Øivind Storm Bjerke.

En dag av de sjeldne vart det. Varmt og stillt i sola, interessante foredrag/kåserier. mathiesen Atna bød på kaffe og små-godt. Tine hadde juice og yogurt til alle.