God saus vart det
Publisert 26.03.2011 00:12

Det vart nemleg halde "sausekurs", i regi av nettverket langs Nasjonal Turistveg Rondane. Kurset var ope for alle interesserte. Tidspunkt på dagen avgrensa kanskje kor mange som kunne delta.
Kokken Heidi Tangen Bondal kom for å dele av sin kunnskap innan "sausen's hemmelegheiter".
5 damer deltok og Cristoph(?) stilte som fotograf og ville gjerne smake.
Heidi trylla fram Rødvinsaus, Soppsaus, Viltsaus, Timiansaus, Bernaise, Beurre Blance, og purre- og petetsuppe med bacon.
Deltakarane fekk vere aktivt med i prosessen, særleg smaking, spørsmål og utveksling av erfaring.
Nøl eventuelt ikkje med å melde deg på!
BG